Gulhovudmohua

art av sporvefuglar
Gulhovudmohua
Gulhovudmohua i Fiordland Foto: Thomas Mattern
Gulhovudmohua i Fiordland
Foto: Thomas Mattern
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Gulhovudmohua
Utbreiinga av Gulhovudmohua
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Mohouidae
Slekt: Mohoua
Art: Gulhovudmohua M. ochrocephala
Vitskapleg namn
Mohoua ochrocephala

Gulhovudmohua, Mohoua ochrocephala, er ein insektetande sporvefugl som flyttar seg fort i småflokkar høgt i trekroner og gjev mykje læte. Han er ein sjeldan fugl, endemisk for New Zealand og lever berre på Sørøya.

Den biologiske slekta Mohoua har uklåre taksonomiske relasjonar,[1] etter Clementslista har slekta Mohoua no sin eigen familie Mohouidae.[2]

Skildring endre

Gulhovudmohuaene har fjørdrakt i klår gul farge med lys brun overside frå rygg til haletipp. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta ved at hofuglar og juvenile er brune også på krone og nakke. Nebbet er svart i kontrast til den gule drakta. Denne sporvefuglen har ei lengd på 15 centimeter og vekta er ca. 30 og 25 gram for hannar og hoer høvesvis.

Utanom hekketida opptrer gulhovudmohuaer ofte i støyande flokkar, og gjerne i fleirartsflokkar saman med parakittar. Hannar har varierande og individuelle songar som kan innehalde både melodiske fløytetonar og slørete tonar. Gulhovudmohuaer beitar på ulike artar av virvellause dyr som dei plukkar frå bladverk, greiner og trestammar. Nokre gongar kan de søkje føde på bakken bland nedfallsblad. Dei kan variere dietten med små mengd av moden frukt ved høve.

Hofuglen bygger reiret inne i og høgt oppe i hòle trestammar, reirmateriala er av vegetasjon og det blir fôra med fint gras. Ho legg 3 egg som ho rugar i ca. 20 dagar. Ungane kan flyge etter 22 dagar og startar hekking etter to år. Gulhovudmohuaene kan hekke i små grupper med hjelparar. Saman med pipipiar er gulhovudmohuaer ofte parasittert av gaukearten langhalekoel. Forventa levealder for gulhovudmohua er fem år og det lengstlevande kjente individet vart 16 år.

Populasjonen er avgrensa til Fiordland og omeign på Sørøya, og få andre små lokalitetar på øya. Dei er òg introdusert til små spreidde lokalisjonar som på Ulva Island ved Stewart Island/Rakiura. Utbreiingsområdet er no berre 15 % av det opphavlege, ein rask nedgang i populasjonen skjedde i første delen av 1900-talet etter at det kom rotter og mårdyr til Sørøya. Populasjonen er estimert til 1500-4000 individ,(2005) og er minkande.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. IOC World Bird List har sett inn arten i ein familie 'Incertae Sedis': http://www.worldbirdnames.org/n-lyrebirds.html Henta 2. oktober 2012
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  3. BirdLife International (2012)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulhovudmohua
  1. Oppslag på artsinformasjon i Avibase. Henta frå Avibase 2. oktober 2012