Gullruten er ei årleg prisutdeling og utmerking for den norske TV-bransjen.

Utmerkinga blir delt ut av stiftinga Gullruten som vart oppretta av Norske Film- og TV-produsenters forening i 1998. Nominering og juryering blir styrt av Gullrutekomiteen som består av medlemmer frå Norske film-og TV-produsenters forening og TV-kanalane TV 2, TVNorge, TV3 og NRK.

Historie endre

Utdelinga har røter attende til 1984 då prisen Næringslivets Film- og Videodag vart delt ut for fyrste gong i regi av NHO. I 1994 gjekk NHO saman med ITVA om å lage ein årleg festival på Lillehammer. Det vart her delt ut prisar under namnet Gullruten og Sølvruten, hovudsakleg innan oppdrags- og reklamefilm, men også til TV-produksjonar. Utdelinga fekk si noverande form i 1998 då dei norske TV-kanalane starta samarbeid om utdeling og Norske Film- og TV-produsenters forening oppretta stiftinga Gullruten. Utdelinga vart flytta til Bergen og har sidan vorte delt ut i samband med Nordiske mediedagar. Samtidig vart prisen meir retta mot TV-mediet i staden for reklamefilmar.

Etter at Gullruten har vorte flytta til Bergen og etablert som ei stifting, har utdelinga kvart år vorte sendt på TV 2. Det fyrste året vart utdelinga halden i Forum Kino og leia av Nadia Hasnaoui i samarbeid med Frode Alnæs. Sidan 1999 har utdelinga vorte haldt i Grieghallen og vorte leia av Dorthe Skappel.

Prisane for reklamefilmar har etterkvart forsvunne frå utdelinga, og Gullruten framstår i dag som ein rein TV-pris.

Kjelder endre