Gulsott, latin ikterus, er ein tilstand der huda og det kvite i augene blir farga gult. Ei årsak til gulsott er hepatitt. Ein kan også få gulsott som eit resultat av eksempelvis kreft i levra eller kraftig øydelegging av raude blodlekamar, ved til dømes malaria. Gulsott er ein naturleg tilstand hos nyfødde.

Gulsott

Eit symptom på gulsott er gulleg misfarging av sclera og konjunktiva i auget.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:782.4
ICD-10-kode:R17
ICPC-2:D13
DiseasesDB7038
MedlinePlus003243
MeSHD007565

Gulfargen skuldast billirubin, eit nedbrytingsprodukt frå hemoglobin, som ein finn i dei raude blodlekamane.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.