Gultoppkakadu

art av papegøyefuglar
Gultoppkakadu
Gultoppkakadu Foto: JJ Harrison
Gultoppkakadu
Foto: JJ Harrison
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gultoppkakadu
Utbreiinga av Gultoppkakadu
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Kakaduer Cacatuidae
Slekt: Cacatua
Art: Gultoppkakadu C. galerita
Vitskapleg namn
Cacatua galerita

Gultoppkakadu eller gultoppkakadue, Cacatua galerita, er ei relativt stor kvit kakadu funnen i skogkledde habitat i Australia og Ny-Guinea. Lokalt kan dei opptre særs talrike, noko som fører til at dei nokre gonger blir vurdert som skadedyr. Dei er vel kjente i fuglerøkt, sjølv om dei kan vere krevjande kjæledyr.

Gultoppkakadua har ei total lengd på 44-55 cm, den australske underarten er større enn underarter på Ny-Guinea og nærliggande øyar. Fjærdrakta er samla sett kvitt, medan undervengen og halen er farga gult. Den uttrykksfulle fjørtoppen på hovudet er gul. Nebbet er svart, beina er grå, og augeringen er kvitaktig. Hannar har vanlegvis nesten svarte auge, medan hoene har meir raude eller brune auge, men dette krev optimale lysforhold for å avgjere.

Utanfor Australia har dei vorte introduserte til Singapore, der talla rekna å vere mellom 500 og 2000. Dei har òg vorte introdusert til Palau og New Zealand.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gultoppkakadu