Gunder Gundersen (12. september 19302. juni 2005) var ein norsk kombinertrennar og idrettsleiar frå Asker. Han vann to VM-medaljar i kombinert, sølv i 1954 og bronse i 1958. Gundersen vart noregsmeister i 1961, og vann elles fem MN-sølv og to NM-bronser. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1959 og Norges Skiforbunds Gullmedalje For Fremragende Innsats For Norsk Skiidrett i 1968. Gundersen var medlem av idrettsklubben Frisk Asker.

Gunder Gundersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1930
Asker
Død

2. juni 2005 (74 år)
Oslo

Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1960

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Gundersen er i dag best kjend for å utvikla den såkalla «Gunder-metoden». Han døydde i Oslo.

Liv og gjerning endre

Gundersen vann sin første meistertittel under junior-NM i kombinert i 1950. Før OL på heimebane i 1952 hadde han hatt gode resultat, men kom ikkje med på det sterke norske OL-laget. Få veker etter OL vann han det kombinerte Holmenkollrennet, i konkurranse med dei beste norske frå OL. Han vart då tildelt Kongepokalen og 'Damenes pokal' som beste kombinertløpar.

Gundersen tok sølv under VM i Falun i 1954, eitt poeng bak landsmannen Sverre Stenersen. Året etter vann han Lahti-spelen. Grunna skade kunne han ikkje delta i vinter-OL 1956, men under VM i 1958 fekk han bronsemedaljen. Under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA vart han nummer 11.

Gundersen vann ytterlegare to kongepokalar etter sigrar i kombinert i Holmenkollen i 1959 og 1960, samt NM i 1961. Han vann eitt kombinertrenn i Svenska skidspelen, i tillegg vart han to gongar nummer to.

Idrettsleiar endre

Gundersen starta Teknisk Komité Kombinert (TKK) i 1963. Han vart den fyrste formannen for komitéen og med det medlem av styret i Norges Skiforbund. Også TKH i FIS stod han i bresjen for, og vart den fyrste formannen der òg. Under vinter-OL 1980 i Lake Placid i USA var han leiar for avviklinga av kombinertøvinga.

Gundersen skreiv seg inn i skihistoria då han i 1970-åra lanserte «Gunder-metoden» i kombinert. Denne går ut på at ein fyrst gjer unna hopprennet, og så reknar poengsummane om til tid. Tidene, eller rettare, tidsdifferansane vert utgangspunktet for startrekkefylgja og startintervalla i langrennet. Fyrstemann i mål vinn heile tevlinga.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1951: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1952: Vinnar i Holmenkollen, nr 2 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1953: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1954: Sølvmedalje under ski-VM i Falun. Nr 2 i Lahti
  • 1955: Vinnar i Lahti
  • 1957: Nr 6 i Svenska Skidspelen i Skellefteå
  • 1958: Nr 4 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 2 både i Holmenkollen og i Svenska skidspelen i Falun
  • 1960: Vinnar i Holmenkollen
  • 1961: Nr 11 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre