Gunnar Gren

svensk fotballspelar

Johan Gunnar Gren (31. oktober 192010. november 1991) var ein svensk fotballspelar, fødd og død i Göteborg. Han vart olympiske meister for Sverige i 1948 og vann VM-sølv i 1958. Gren, som spela indre høgre, deltok i 57 landskampar for Sverige og skåra 32 mål. Klubbspelaren Gren vart seriemeister både i heimlandet og i Italia. Han var aktiv fotballspelar på høgste nivå frå 1938 til 1964.

Gunnar Gren


Statsborgarskap Sverige
Fødd 31. oktober 1920
Göteborg
Død

10. november 1991 (71 år)
Göteborg

Idrett fotball
Tok del i

fotball ved Sommar-OL 1984 - menn, VM i fotball 1958

Utmerkingar

Guldbollen, Kristallkulan, Hedersmakrillen

Gunnar Gren til venstre, saman med Gunnar Nordahl og Nils Liedholm, alle i Milan-drakt

Karriere endre

Klubbspel endre

Gren debuterte i Allsvenskan 1. mai 1938 for Göteborg-klubben Gårda BK. Fire år seinare melde han overgang til IFK Göteborg, der han i sin fyrste sesong, 1941/42, var med å verte svensk seriemeister. I 1946 vann Gren den aller første «Guldbollen», og året etter vart han skyttarkonge i den svenske fotballserien.

Gren var profesjonell fotballspelar i Italia frå hausten 1949. Han spela fyrst tre sesongar i AC Milan, og deretter to sesongar for AC Fiorentina og til siste ein sesong i Genoa. I Milan danna han saman med landsmennene Gunnar Nordahl og Nils Liedholm den historiske Gre-No-Li-trioen. Han var svært populær i Italia, og det italienske publikumet gav han tilnamnet Il Professore (professoren).

I 1956 flytta Gren heim til Sverige, der han var spelande trenar for Örgryte IS frå Göteborg fram til og med 1959. Seinare trena han GAIS, ein annan fotballklubb i heimbyen. Sin siste kamp i Allsvenskan spela han i 1964, 26 år etter den første. Han var då trenar for GAIS, men sidan det gjekk dårleg for klubben, gjorde han comeback som Allsvenskans eldste spelar nokon gong, i eit forsøk på å redde laget frå nedrykk. GAIS enda på sisteplass og rykte ned.

Landslagsspel endre

Gren debuterte for Sverige i ein landskamp på bortebane mot Finland den 29. august 1940. Han spela på Sveriges landslag som vann gull under OL 1948 i London. Etter å ha fått tilbake amatørstatusen i 1956 spela han landskampar for Sverige til hausten 1958. Ti år etter han vart olympisk meister, spela han indre høgre på det svenske landslaget som nådde finalen i VM 1958 på heimebane. Der vart det 2-5 tap for Brasil.

Merittar endre

  • Olympisk meister med Sverige i 1948
  • Sølvmedalje med Sverige under VM i fotball 1958
  • Svensk seriemeister 1942 med IFK Göteborg
  • Italiensk seriemeister 1951 med AC Milan

Kjelder endre