Gunnar Thoresen

norsk fotballspelar

Gunnar Nils Thoresen (21. juli 192030. september 2017)[1][2] var ein norsk fotballspelar frå Larvik som spelte 64 landskampar og skåra 22 landslagsmål i tida 1946-59. Han deltok i Sommar-OL 1952 i Helsinki.

Gunnar Thoresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1920
Larvik
Død

30. september 2017 (97 år)
Larvik

Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1952

Thoresen spelte all si tid på Larvik Turn, debuterte i 1937 og la opp i 1962. Han vart seriemeister i 1952/53, 1954/55 og 1955/56, i 1956 tapte Larvik Turn og Thoresen cupfinalen 1–2 mot IK Skeid. Både i 1953 og 1954 vart han toppskårar i Hovedserien. Til saman skåra han 91 mål i toppseriekampar.

Han var far til Hallvar Thoresen.

Kjelder endre

  1. Dødsannonse, arkivert frå originalen 27. januar 2021, henta 4. oktober 2017 
  2. «Fotballegenden Gunnar Thoresen (97) er død». Dagbladet. 3. oktober 2017. Henta 3. oktober 2017.