Guppy

ferskvassfisk
Guppy
Guppy
Guppy
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av guppy
Utbreiinga av guppy
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Cyprinodontiformes
Familie: Poeciliidae
Slekt: Poecilia
Art: Guppy P. reticulata
Vitskapleg namn
Poecilia reticulata

Guppy (Poecilia reticulata) er ein liten tannkarpeart som lever i Trinidad og delar av Sør-Amerika. Han er hovudsakleg kjend som akvariefisk, og er både rekna som populær og særs enkel å halda.

Kjenneteikn endre

Guppyen er ei lita tannkarpe, som ikkje vert stort større enn 6 cm. Hoa har størst kropp, men hannen har større og meir prangande hale. Dette gjer at dei ser om lag like store ut. Dei finst i fleire fargevariantar, og det er som regel hannen som er sterkast farga.

Levesett endre

Guppyen finst i mange habitat. Han trivst best i stilleståande vatn med ganske varme temperaturar (23-24 °C) og mykje vegetasjon, og toler etter tilvenning eit saltinnhald på opp til 1,025. Dei lever av dyreplankton, små insekt og detritus. Akvarievariantar er særs lett å få til å ta tørrfor.

Guppyane er særs fruktbare, og før levande ungar. Etter ei drektigheitsperiode på 4-6 veker set hoa 20-40 små yngel til verda. Dei har ingen yngelpleie; faktisk hender det tilmed at dei vaksne et sitt eige avkom. Dei vert kjønnsmogne allereie etter to-tre månadar.

Sidan guppyen er så lett å halda i akvarium, er han ein del brukt både som forsøksdyr (m.a. i genforsking) og oppdrettsfisk til levandefor.

Bakgrunnsstoff endre