Gupta
Gupta var eit indisk dynasti som herska over størsteparten av nordlege Sør-Asia på 300- og 400-talet. Guptahovudstaden var Pataliputra, dagens Patna i den indiske delstaten Bihar. Tsjandragupta I, Samudragupta og Tsjandragupta II er rekna som dei viktigaste guptaherskarane.
गुप्त राजवंश Gupta Rājavaṃśa Guptariket, Guptadynastiet | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Gupta under si største utstrekking (grått) og vassalstatar (grønt). | ||||
Hovudstad | Pataliputra | |||
Språk | Sanskrit | |||
Religion | Hinduisme, buddhisme | |||
Styreform | Ikkje spesifisert | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 320 | |||
- Opphøyrde | 600-talet |
Guptatida er rekna som gullalderen til det klassiske India, og førte med seg framsteg i astronomi, matematikk, naturvitskap, religion og filosofi. Lærde som Kalidasa, Aryabhata, Varahamihira og Prasjastapada verka på denne tida. Ein reknar òg med at dei eldste Puranaene blei skrivne under Gupta.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
«Gupta» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gupta Empire» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2011.