Guri Schanke

norsk songar

Guri Annika Schanke (fødd 14. desember 1961) er ein norsk skodespelar, songar og dansar. Ho vann Melodi Grand Prix 2007 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2007, der ho enda på 18. plass i semifinalen.

Guri Schanke

Guri Schanke opptrer i Helsingfors i 2007.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1961 (62 år)
Austlandet
Yrke skodespelar, songar, dansar, teaterskodespelar, plateartist, stemmeskodespelar
Språk norsk
Ektefelle Øivind Blunck
Nettstad http://gurischanke.no
Guri Schanke på Commons

Guri Schanke er kjend for skodespelarkarrieren sin, særleg i revyar og musikalar. Ho var òg med i siste runden av TV2 sitt underhaldningsprogram Skal vi danse i 2006. 10. februar 2007 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «Ven a bailar conmigo» komponert av Thomas G:Son. Schanke representerte Noreg under semifinalen i Eurovision Song Contest 10. mai 2007 i Helsingfors i Finland. Denne semifinalen måtte ho gjennom fordi Noreg sitt bidrag i 2006 ikkje kom blant de ti beste. Guri Schanke fekk for få stemmer til å gå vidare til hovudfinalen.

Guri Schanke var gift med Øivind Blunck frå 1991 til 2008.

Bakgrunnsstoff endre