Guru (frå sanskrit, devanagari गुरु) er eit indisk omgrep for ein (andeleg) lærar. I fleire religiøse rørsler av indisk opphav reknar ein guruar som personar som har oppnådd ei høg grad av andeleg innsikt, og som difor er i stand til å undervise eller fungere som spirituell rettleiar. I Vesten brukar ein også «guru» som ei humoristisk nemning på ein person som er ekspert innanfor eit emne.

Guru-omgrepet er sentralt i hinduisme, buddhisme og sikhisme, og for mange tilhengarar av desse religionane er det viktig å finne ein guru ein har respekt for og som ein kan stole på. Innan sikhismen er dei ti guruane og den heilage boka og siste guruen, Guru Granth Sahib, særs viktige. Innan hinduismen kan ein også følgja ein særskild guru. Under høgtida guru purnima dyrkar ein denne guruen. Nokre av dei viktigaste hinduguruane er Adi Shankaratsjarya, Sjri Tsjaitanya Mahaprabhu og Sjri Ramakrisjna. Kjende guruar frå 1900-talet er mellom anna Sjri Aurobindo Ghosh, Sjri Ramana Maharshi, Sathya Sai Baba og Swami Vivekananda.

Kjelder endre