Gusev

by i Russland

Gusev (russisk Гу́сев, tysk Gumbinnen, litauisk Gumbinė, polsk Gąbin) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 120 km aust for Kaliningrad.

Gusev
Гусев
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Gusev Byåpenet til Gusev
Flagget til Gusev Byvåpenet til Gusev


Plassering
Gusev is located in Russland
Gusev is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1200-talet
1724
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

28 010
Koordinatar 54°35′00″N 22°12′00″E / 54.58333°N 22.20000°E / 54.58333; 22.20000
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40143

Byen vart grunnlagd av Den tyske riddarordenen1200-talet som grunnlag festningar i området. Albrecht av Preussen sørgde for at byen og området vart ein del av hertugdømet Preussen då dette vart oppretta i 1525. På gamle kart er byen oppført som Kulligkehmen, medan namnet Gumbinnen (truleg frå litauisk gumbine, som tyder krokete stav/kjepp) er nytta frå 1580.

Landkreis Gumbinnen sitt administrasjonsbygg på eit postkort frå 1900

Byen vart angripe av tatarar 1656 og råka av pest tidleg på 1700-talet og desse hendingane svekka byen. «Soldatkongen» Fredrik Vilhelm I av Preussen ønskte å styrke byen og gav han byrettar 24. mai 1724.

Byen var administrasjonssenter i Regierungsbezirk Gumbinnen i Kongedømet Preussen i provinsen Aust-Preussen. Gumbinnen vart ein del av Det tyske keisardømet ved den tyske samlinga i 1871. Slaget ved Gumbinnen vart utkjempa ved byen i 20. august 1914 og var eit av dei innleiande slaga på austfronten under første verdskrigen. Det tyske nederlaget her førte fram til slaget ved Tannenberg som vart kom seks dagar etter.

Under det nasjonalsosialistiske styret var Gumbinnen eit militærdistrikt i Königsberg militærområde og var mellom anna heimstad for 206. Depot-Abteilung.

21. januar 1945 vart Gumbinnen erobra av den raude armeen. Året etter, 7. september 1946, fekk han namnet Gusev etter den sovjetiske kapteinen Sergei Ivanovij Gusev (fødd 1918) som vart drepen i kampane rundt byen i januar 1945 og vart posthumt tildelt tittelen Helt av Sovjetunionen 19. april 1945.

I den sovjetiske perioden låg byen innanfor eit avstengd område og etter Sovjetunionen fall har byen hatt stor arbeidsløyse, opptil 25 % etter offisielle tal. Byen næringsliv er hovudsakleg innanfor elektro, fôrproduksjon og tekstilindustri.