Gustav Stresemann

Gustav Stresemann (10. mai 18783. oktober 1929) var ein tysk nasjonalliberal politikar og statsmann i mellomkrigstida som fekk Nobels fredspris. Han var kortvarig tysk rikskanslar i to regjeringar frå august til november i 1923, og var deretter tysk utanriksminister gjennom talrike regjeringar fram til sin død.

Gustav Stresemann

Fødd10. mai 1878
Berlin
Død3. oktober 1929 (51 år)
Statsborgar avTyskland
PartiNationalsozialer Verein
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedUniversitetet i Leipzig
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Andreas-Gymnasium Berlin
EktefelleKäte Stresemann
BarnWolfgang Stresemann
MedlemBonner Burschenschaft Germania
Burschenschaft Normannia zu Heidelberg
Alle verv
  • medlem av riksdagen under Weimarrepublikken
  • medlem av Riksdagen i Det tyske keiserrike Sjå dette på Wikidata

Nobelprisen

Nobels fredspris
1926

Biografi endre

Stresemann vart fødd i Berlin i 1878 som son av ølhandlaren Ernst Stresemann. Han kom frå middelklassebakgrunn, og studerte filosofi og litteratur i Berlin og Leipzig, før han tok doktorgraden i økonomi i 1900 med ei avhandling om Berlins ølindustri.

I 1903 gifta han seg med Käthe Kleefeld, dotter av ein jødisk industrimann frå Berlin; dei fekk seinare sønene Wolfgang og Joachim Stresemann. Same år byrja han sin politiske karriere, vart medlem av Nationalliberale Partei og vart tre år seinare innvald i byrådet i Dresden. I 1907 vart han første gong vald inn i Riksdagen, der han med enkelte korte avbrot sat resten av livet. Sjølv om Stresemann i utgangspunktet hadde vore assosiert med venstresida i det nasjonalliberale partiet, vart han i løpet av første verdskrigen stadig meir høgreorientert, og var ein av parlamentarikarane som foreslo uinnskrenka ubåtkrig. Dette førte til at han vart ekskludert frå partiet, og han grunnla sitt eige, det høgreliberale Deutsche Volkspartei (DVP), som i hovudsak bestod av høgresida frå det nasjonalliberale partiet.

Sjølv om partiet i utgangspunktet vart sett på, saman med det meir direkte konservative tyske nasjonale folkepartiet, som ein del av den «nasjonale opposisjonen» mot Weimarrepublikken, særleg på grunn av sitt ambivalente forhold til frikorpsa og Kapp Putsch i 1920, prøvde Stresemann i stadig større grad å samarbeide med parti i sentrum og på venstresida. Ein av grunnane til dette var moglegvis det politiske attentatet på utanriksminister Walther Rathenau, som gjekk sterkt inn på han.

Den 13. august 1923, midt i Ruhrkrisa, vart Stresemann utnemnd til kanslar for ei stor koalisjonsregjering. Som rikskanslar kom Stresemann langt i å løyse krisa, men ein del av det han gjorde fornærma sosialdemokratane slik at dei forlet koalisjonen, som kollapsa den 23. november same året. Stresemann fortsette som utanriksminister i regjeringa til etterfylgjaren Wilhelm Marx frå det katolske senterpartiet, og, og beheldt denne stillinga gjennom eit stort tal på regjeringar fram til sin død. Som utanriksminister oppnådde Stresemann mykje, særleg underteikninga av Locarnoavtalen frå 1925, som gjorde Tyskland til medlem av Folkeforbundet med fast plass i Tryggingsrådet som anerkjenning for Tysklands stormaktsstatus, Rapallo-avtalen frå 1926 og Young-planen frå 1929, som reduserte krigsskadeerstatningane som Versaillestraktaten påla landet. Gjennom tida som utanriksminister kom Stresemann i større grad til å akseptere republikken, som han først hadde avvist. Han utvikla òg eit personleg venskap med Aristide Briand. Stresemann blir ofte sett som ein av dei viktigaste leiarane av Tyskland i mellomkrigstida. Han var ein av dei første som snakka om europeisk økonomisk integrasjon. Stresemann fekk Nobels fredspris saman med Aristide Briand i 1926. Han døydde av eit massivt hjarteattakk den 3. oktober 1929, 51 år gamal.

Litteratur endre

  • Wright, Jonathan (2002): Gustav Stresemann: Weimar's Greatest Statesman
  • Berg, Manfred (1992): Gustav Stresemann. Eine politische Karriere zwischen Reich und Republik. Göttingen/Zürich
  • Eschenburg, Theodor og Ulrich Frank-Planitz (1978): Gustav Stresemann. Eine Bildbiographie. Stuttgart
  • Krüger, Peter (1985): Die Außenpolitik der Republik von Weimar. Darmstadt
  • Thimme, Annelise: Gustav Stresemann: Eine politische Biographie zur Geschichte der Weimarer Republik (1957)
  • Hirsch, Felix: Gustav Stresemann: Patriot und Europäer (1964)

Bakgrunnsstoff endre