Gustav Vigeland

norsk bilethoggar

Gustav Vigeland (11. april 186912. mars 1943) var ein norsk bilethoggar som er blitt verdskjend for skulpturane sine i Vigelandsanlegget i Frognerparken. Naturalistiske skulpturar med menneskelege livsstadium er hovudtema i verka hans.

Gustav Vigeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1869
Halse og Harkmark kommune
Død

12. mars 1943 (73 år)
Oslo

Yrke bilethoggar, treskjerar
Språk norsk
Gustav Vigeland på Commons
Gustav Vigeland

Vigeland var fødd i Mandal. Faren, som var snikkarmeister, var prega av religiøs grubling, noko som skulle prega kunsten til sonen. Gustav sjølv viste tidleg særs evner for treskjæring, og då han var femten år gammal blei han send til Kristiania som lærling i faget. To år seinare døydde faren, og ungguten måtte ta over forsørginga av familien.

I 1888 drog Vigeland endeleg tilbake til hovudstaden, der han levde eit hardt liv før han fekk vist skulpturteikningane sine til nokon som kunne verdsetja dei. Skulptøren Brynjulf Bergslien blei den gode hjelparen som gav han undervising og pengar. Hausten 1889 kunne Gustav Vigeland visa fram skulpturen Hagar og IsmaelStatens haustutstilling.

Vigeland drog til København og læremeisteren Vilhelm Bissen i 1891, og deretter til Paris i 1893, der særleg Auguste Rodin sitt atelier gjorde inntrykk. Heretter tok den unge kunstnaren til å visa fram kjensler og livsfasar i verka sine. Figurane hans frå denne tida har få detaljar, men uttrykksfulle gestar. Fleire utanlandsreiser gav han òg inntrykk frå Antikken og Renessansen, og skulpturane hans blei etter kvart noko rundare og idealisert naturtru.

Kunstnaren hadde den første separatutstillinga si i 1894, og i 1897 fekk han i oppdrag å laga skulpturar for Nidarosdomen, der han særleg tok for seg kampen mellom mannen (mennesket) og draken (det vonde). I åra som følgde laga han byster av fleire framståande nordmenn, som Henrik Ibsen, Camilla Collett og Niels Henrik Abel. Han laga òg monumentet han er blitt mest kjend for, skulptursamlinga i Vigelandsanlegget, som inngår i Frognerparken, på denne tida.

I 1901 vart Vigeland utnemnd til riddar av St. Olavs Orden. På 60-årsdagen i 1929 vart han tildelt storkrossen.

Bakgrunnsstoff endre