Louis Christophe Paul Gustave Doré (6. januar 183223. januar 1883), kjend som Gustave Doré, var ein fransk illustratør, målar og bilethoggar. Doré var mykje godt sjølvlærd og arbeidde som illustratør frå han var 16 år gammal. Han bidrog med illustrasjonar til om lag 90 bøker, derimellom ei bibelutgåve i 1866, Dante Alighieris Den guddommelege komedie og bøker av Lord Byron, Miguel de Cervantes, François Rabelais og Honoré de Balzac. Han arbeidde etterkvart også med måleri og i sine siste år som bilethoggar.

Gustave Doré

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. januar 1832
Strasbourg
Død

23. januar 1883 (51 år)
Paris

Yrke kunstmålar, illustratør, karikaturteiknar, teikneserieteiknar, litograf, grafikar, grafikar, bilethoggar
Sjanger historiemåleri, allegori, religiøs kunst, figure, karikatur, portrett
Signatur
Gustave Doré på Commons
Ulven og Raudhette
Paulus i Efesos

Liv og gjerning endre

Doré var fødd i Strasbourg, og hans fyrste illustrerte forteljing kom på trykk då han var femten år gammal. I Paris byrja han å arbeide som litteraturillustratør. Dorés oppdrag omfattar verk av Rabelais, Balzac, John Milton og Dante. I 1853 vart han spurd om å illustrere avdøde Lord Byron sine verk. Etter det oppdraget fekk han fleire oppdrag hos britiske forleggjarar, også ein biletbibel på engelsk. Doré illustrerte også ei utgåve av Edgar Allan Poes diktsyklus The Raven.

Dorés engelske bibel (1866) vart ein stor suksess. Året etter biletbibelen kom ut, stillte han ut mange av arbeida sine i London. I 1869 foreslo Blanchard Jerrold å samarbeide med Doré for å lage eit omfattande portrett av London. Doré skreiv under på eit femårsprosjekt med utgjevarane Grant & Co, der han forplikta seg til å vere i London tre månader om året. Årleg fekk han utbetalt £10 000 for arbeidet, ein kolossal sum for ein teiknar. Boka, London: A Pilgrimage, med 180 gravaringer, kom ut i 1872. London: A Pilgrimage vart ein suksess, og Doré mottok oppdrag frå andre britiske utgjevarar. Verket vart likevel mislikt av samtidige kritikere. Nokre kritikarar var misnøgd med at Doré såg ut til å fokusere på fattigdommen i London. Doré vart skulda av Art Journal for å «oppfinne heller enn å kopiere». Westminster Review hevda at «Doré lagar skisser der dei simpleste og mest vulgære særprega er tydelege».

Mellom Dorés seinare arbeid er Rime of the Ancient Mariner Samuel Taylor Coleridge, Det tapte paradis av John Milton, The Idylls of the King og The Works of Thomas Hood av Alfred Tennyson og Den guddommelege komedie av Dante.

Doré heldt fram å illustrere bøker til han døydde i Paris i 1883. Han er gravlagd på Père Lachaise.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustave Doré