Gustave Moreau (6. april 182618. april 1898) var ein fransk målar. Han er rekna til kunstretninga symbolismen.

Gustave Moreau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. april 1826
Paris
Død

18. april 1898 (72 år)
Rennes, Paris

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Sjanger historiemåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri
Medlem av Académie des beaux-arts
Far Louis Moreau
Gustave Moreau på Commons
Orfeus (1865)

Moreau måla hovudsakleg bibelske og mytologiske figurar. Forma hans var arkaiserande, han brukte ein kraftig fargeprakt og bileta stod fjernt frå impresjonismen og den akademiske kunsten i samtida hans. Dei eksotiske og mystiske motiva hans danna ei bru mellom dei franske romantikarane og den franske symbolismen, ein nyromantisk retning på slutten av 1800-talet, og Moreau vart rekna som ein føregangsmann innan denne kunstretninga.

Han vart professor ved Académie des Beaux-Arts i Paris i 1891, og mellom andre var fauvismemålarane Henri Matisse og Georges Rouault av studentane hans.

Moreau vart fødd og døydde i Paris. Han er gravlagd på Cimetière de Montmartre. Musée Gustave Moreau i Paris er ett av byens mest ekstravagante. Museet har lokale i det som før var studioet hans, og vart opna for publikum i 1903.

Kjelder endre

  • Kunnskapsforlaget: Store norske leksikon (1980)