Guttorm Olsson Grimelid

Guttorm Olsson Grimelid (175729. september 1820) var ein norsk bonde og spelemann frå Krødsherad. Han vert rekna som den første spelemannhardingfele i Krødsherad. Springaren Grimeliden er kalla opp etter han.

Guttorm Olsson Grimelid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1757
Død

1820 (63 år)

Yrke musikar

Ved folketeljinga 1801 var han «Selveier af en plads, skræder og spillemand» på garden Søndre Bjøre i Krødsherad, med kone og seks heimeverande born.[1]

Det er etter tilhøva greitt å følgje tradisjonslina etter Grimeliden. Han var mest truleg kjelda for mykje av spelet til Gamle-Kleven, som førte det vidare i Krødsherad, og ettersom han var ein del i lag med Knut Lurås, vart ein del av spelet hans ført til Telemark og vidareutvikla der, mellom anna av Myllarguten og andre. Det er rimeleg å tru at Grimelid og spelemannen Harald Langåker frå Nes i Hallingdal og har hatt ein det med einannan å gjera, noko ein kan sjå av mykje sams spel mellom Krødsherad og nedre Hallingdal. Spelemannen Jon Kjos var jamgammal med Grimelid.

Kjelder endre

  1. [1] Folketeljing 1801