Ein guyot er eit undersjøisk vulkanfjell med flat topp. Den første vart oppdaga av amerikanske marinefartøy i Stillehavet under andre verdskrigen og seinare kalla opp etter naturforskaren Arnold Guyot (1807–84). Ein kjenner no hundrevis av guyotar. Frå den flate havbotnen, ofte på ca. 3000 til 4000 meter djup, ragar dei opp som isolerte, avkutta kjegler. Toppflata synest å vere danna ved bølgjeabrasjon, men ligg likevel på ca. 1000 meter djup.

Bear Seamount, ein guyot i Atlanterhavet.

Guyotane har med andre ord sokke etter danninga. Funnet av guyotane førte, saman med andre submarine observasjonar, til hypotesen om havbotnspreiing: botnen av verdshava spreier seg eller glir bort frå midthavsryggane i retning inn mot kontinenta i samband med platetektonikk. Vulkanane følgjer med underlaget, som gradvis søkk medan det rører seg mot kontinenta. Dette stemmer med at dei guyotane som ligg nær kontinentet, har sokke meir enn dei som ligg midt ute i verdshava.

Kjelder endre

  • «Guyoter». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 21. november 2013.