Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag

Dansk Gyldendal (formelt Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag A/S) er Danmarks nest eldste og største forlag, skipa i 1770 av Søren Gyldendal. Heilt sidan 1787 har forlaget hatt hovudkontor i Klareboderne 3 i København. Søren Gyldendals svigerson, Jacob Deichmann, tok over forlaget i 1809 og gjorde Gyldendal til det leiande forlaget i Danmark.

Gyldendals kontor i Klareboderne 3, København.

Etter at Peter Nansen vart tilsett i leiinga for Gyldendal i 1896, vart C.A. Reitzels Forlag kjøpt opp, og med dette vart rettane til å utgje verka av dei fleste av den såkalla «guldalderens» skjønlitterære forfattarar sikra for Gyldendal, og dei vart lansert i serien Gyldendals Bibliothek. Nansen skipa òg serien Gyldendals røde Ordbøger, som framleis er den mest selde ordbokserien i Danmark.

I 1903 slo Gyldendal og Det nordiske Forlag (skipa i 1895) seg saman som eit nytt forlag under namnet Gyldendalske Boghandel og det Nordiske Forlag (avstytta G.B.N.F.), som vart skipa som aksjeselskap.

Det norske forlagshuset Gyldendal Norsk Forlag vart opphavleg skipa som ei avdeling av Gyldendal i Danmark i 1906 og seld til Noreg i 1925 etter påtrykk frå norske interesser, som hadde skaffa norsk aksjekapital for å kunne kjøpe på denne måten heim til Noreg rettane til å gje ut norske forfattarar som hadde gjeve ut bøkene sine i Danmark i ei tid då det ikkje hadde vore drive skikkeleg forlagsverksemd i Noreg. Særleg var det av norske nasjonale prestisjeomsyn særs viktig å få over på norske hender og norsk jord rettane til å gje ut verka av dei norske forfattarane frå siste halvparten av 1880-talet som i marknadsføringa vart samla under omgrepet «dei fire store», Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Alexander Kielland. Rettane vart no overteke av eit nyskipa Gyldendal Norsk Forlag i Oslo, som trass i namnelikskapen med det danske forlaget, var eit sjølvstendig norsk forlag.

Danske Gyldendal vart i 1947 selt til ostegrossarer Knud W. Jensen, kjend for seinare å ha skipa det internasjonalt vidgjetne kunstmuseet Louisiana i Humlebæk nord for København. Men i dag er forlaget notert på Københavns Fondsbørs og soleis eigd av mange aksjonærar: Museumsfonden af 7. december 1966 har 32,4%, Chr. Augustinus Fabrikker har 27,7%, Lønmodtagernes Dyrtidsfond/LD Invest A/S har 10,6%, Pensionskassen for Magistre og Psykologer har 5,1% og Lars Ole Kornum 2,5%.

Danske Gyldendal eig ein rad med dotterforlag i Danmark, og dessutan distribusjonsverksemda Nordisk Bog Center, som distribuerer bøker for fleire danske forlag enn dei som høyrer inn under Gyldendal.

Danske Gyldendals dotterforlag og imprints endre

  • Gyldendal Business
  • Gyldendals Leksikon
  • Hans Reitzels Forlag
  • Forlaget Fremad
  • Samlerens Forlag](frå 1987)
  • Høst & Søns Forlag
  • Rosinante & Co
  • Munksgaards Forlag
  • Exlibris Musik
  • Forlaget Forum
  • Systime
  • Academica
  • Schultz Forlag
  • Nyt Juridisk Forlag (saman med Danmarks Jurist- og Økonomforbund)
  • Cicero/Chr. Erichsen
  • Superpocket

endre