Håbrannfiskeri med båtar frå Herøy på Sunnmøre

Håbrannfiskeriet var eit periodevis lukrativt fiske for mange båtar frå Herøy kommuneSunnmøre. Håbrann vart populær på kontinentet og var tidvis lett tilgjengeleg i store mengder.

Håbrannfisket starta så smått heilt på slutten av 1920-talet og vart til eit viktig fiske for dei båtane som dreiv med det utover 30-talet. På 1950-talet vart det eit heilårsfiske for enkelte båtar, men då fisken nesten forsvann frå farvatn nær Noreg, fortsette fisket langs kysten av Newfoundland i Canada. Etterkvart minka det på fisken der også og etter 1985 har det ikkje vore storstilt fiske av håbrann blant herøyfiskarane.

Håbrannfisket ca. 1930–1985 endre

Då fisket starta, var det generell lågkonjunktur og fiskerinæringa leitte etter nye produkt som ei kunne selje til nye kundar. Håbrann var ganske vanleg langs norskekysten, og då Tyskland starta å ta han imot innpakka i is, var fisket i gang. I løpet av 30-talet utvikla fisket seg og vart til eit havfiske i Nordsjøen og i farvatna til Shetland og Færøyane. I 1939 var det 80 båtar som dreiv med håbrannfiske, 47 av dei frå Sunnmøre og mange av dei igjen frå Nerlandsøya i Herøy.

Utover 50-talet vart håbrannfisket eit heilårsfiske for enkelte båtar, til dømes M/S «Teigenes» som drog til dei felta ein til ei kvar tid kunne finne fisk. Mot slutten av 50-åra byrja det likevel å minke, og tre båtar, mellom anna M/S «Aksla» frå Nerlandsøya, vart sende ut av Håbrandfiskernes Salslag for å finne nye felt. Dette fann dei mellom Irland og Frankrike, men også desse felta vart raskt dårlege og så tidleg som 1961 byrja nedtrappinga på desse felta.

Same året var M/S «Juvel» frå Kvamsøya i Sande på tur til Newfoundland for å sjekke moglegheitene, då erfarne fiskarar som hadde vore i området meinte at ein kunne finne håbrann der. Dei fekk rett og snart skjedde mesteparten av håbrandfisket langs kysten av Canada. Også her byrja fisket rimeleg raskt å avta og etter rekordår i 1963 og 1964, måtte enkelte båtar chartre seg vekk til danske selskap for å sikre sal av fisken. I 1964 var det 28 norske båtar som fiska håbrann ved Newfoundland, medan det i 1966 berre var seks. I 1967 var igjen 5 båtar i dei farvatna, men med eit par turar i 1970 og 1985 var det jamnt slutt. Dei tidlegare så lukrative fiskebankane var no stengde for håbrannfiske.