Håkon Magnusson Toresfostre

Håkon Magnusson Toresfostre (10691095)[1] vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093. Samstundes vart Magnus III Berrføtt teken til konge i Vika.

Håkon Magnusson Toresfostre
Konge av Noreg (med Magnus Berrføtt)
Regjeringstid10931095
Fødd1068
Dødfebruar 1095
DødsstadDovrefjell
DynastiHardrådeætta
FarMagnus II av Noreg

Håkon skal ha vore son av Magnus II Haraldson. Ein kjenner ikkje til kven mor hans var.

Han var fosterson av Steigar-Tore, ein mektig mann frå Oppland, og var difor kjend som «Toresfostre». Steigar-Tore stydde opp om kravet om kongsmakt.

Etter å ha vorte teken til konge på Opplanda vart han hylla som herskar på Øyratinget ved Nidaros. Her gav han lovnad om å oppheva fleire plikter for bøndene, som «landøre» og «julegåver».[2]

Magnus Berrføtt godtok ikkje Håkon som medkonge.[2] I 1093 var det kampar mellom Håkon og Magnus Berrføtt.

Håkon døydde i 1094 eller 1095 etter å ha blitt sjuk under rypejakt på Dovrefjell.[2] Han hadde berre vore konge i drygt eit år.

Kjelder endre