Håkon Johannesson Storstein (10. juni 182220. oktober 1908) var ein norsk lærar, gardbrukar, fyrvaktar og stortingsmann frå Skåre i Rogaland. Ole J. Storstein var bror hans.

Håkon Storstein

Fødd10. juni 1822
Død20. oktober 1908 (86 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, fyrvaktar
Alle verv

Far hans var gardbrukar på Storstein i Skåre. Sjølv var han lærar i folkeskulen i heimbygda frå 1842 til 1856. Han overtok farsgarden i 1855 og dreiv denne til 1890. I 1877 vart han fyrvaktar på Røvær, ei stilling han hadde til han døydde.

Storstein var medlem av formannskapet i Skåre frå 1851, ordførar året etter. Elles var han forlikskommissær, presten sin medhjelpar og frå 1872 styreformann i sparebanken. Vidare var han formann i matrikkelkommisjonen i heradet.

Storstein var stortingsmann frå 1862 til 1882, heile tida som representant for Stavanger amt. Han var i alle år medlem av tollkomiteen, i si siste valperiode var han sekretær i komiteen. 1871-82 var han også medlem av valkomiteen. Han var elles medlem av hamnearbeidskommisjonen.

Storstein døydde på Røvær i Skåre i 1908.

Kjelder endre