Ein hårnålssving er ein svært skarp, hesteskoforma vegsving på omtrent 180º. Namnet kjem av at svingen minner om ei hårnål. Nemninga kan ein også bruke om liknande skarpe svingar på stigar eller i slalåmløyper.

Hårnålssvingar ved Col de Braus i Frankrike
Ei hårnål, som har gitt namn til svingane
Hårnålssvingar i Trollstigen
Hårnålssvingar på vegen mellom Burma og Kina

Hårnålssvingar vert ofte bygd på vegar som går opp eller ned bratte fjellsider, for å unngå at vegane vert for bratte. Dette gir ofte eit karakteristisk sikksakkmønster i fjellsidene. Slike vegar er ofte vanskelege for bilar og sjåførar, særleg bussar og lastebilar/vogntog.

I moderne vegbygging unngår ein hårnålssvingar så langt det er mogleg, og det vert heller bygd tunnelar gjennom fjellet. Lell kostar det langt meir å byggje tunnel gjennom fjellet enn veg over. Nokre stader vert det bygd hårnålssvingar som tunnelar i fjellet der det er ekstremt liten plass til å bygge veg utpå. Slike tunnelar kallar ein vendetunnelar. Dette namnet vert også brukt for svingar på jernbane som svarar til hårnålssvingar på veg.

Enkelte stader svingar vegen meir enn 180º og kryssar seg sjølv i tunnel eller på bru. Fleire slike svingar i Noreg kallar ein korketrekkarar.

Hårnålssvingar bruker ein også på baner for motorsport, mellom anna Formel 1, roadracing og i rally. Innan motorsport bruker ein slike svingar for å auke vanskegraden for førarane, senke farten, eller for å auke lengde på banen utan å auke området banane legg beslag på. Innan sykling reknar ein klatring opp fjellveger med hårnålssvingar som noko av det vanskelegaste, og dette vert ofte brukt i Tour de France, Giro d'Italia, Sveits rundt og Vuelta a España.

Vegar med hårnålssvingar endre

Noreg endre

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hårnålssving