Håvard Flo

norsk fotballspelar

Håvard Flo (fødd 4. april 1970) er ein norsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå grenda Flo i Stryn. I tida 1996-2004 deltok han i 26 landskampar og skåra 7 mål. Flo vert særleg hugsa for Noregs mål i VM-kampen mot Skottland under verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike.

Håvard Flo
Fødd 4. april 1970
Fødestad Stryn kommune

Håvard Flo spelte 1987-90 på Stryn IL sitt lag i tredjedivisjon. Frå 1991 til -94 var han Sogndal-spelar på nivå 1 og 2 i det norske seriesystemet. Perioden 1994-96 spelte for den danske toppklubben AGF Aarhus. Der etter gjorde han teneste 1996-99 i tyske Werder Bremen og 1999-2001 i engelske Wolverhampton. I Wolverhampton vart Flo meste berre nytta som innbytar. Sommaren 2001 gjekk han tilbake til Sogndal IL, der han var aktiv til 2010. Han var Sogndal sin toppskårar i serien i fleire sesongar, med 12 seriemål i 2006, 15 i 2007 og 8 i 2008-sesongen, alle sesongane på nivå 2 i seriesystemet.

Håvard Flo er fetter til brørne Jostein og Tore André Flo.

Kjelder endre

eu-football