Hévízsjøen er ein innsjø i Hévíz i Ungarn, nær vestenden av Balatonsjøen, 8 km frå Keszthely.

Hévízsjøen
innsjø
Land  Ungarn
Område Hévíz
Opphaldstid Om lag ein dag
Areal 0,45 km²
Koordinatar 46°47′14″N 17°11′35″E / 46.78722°N 17.19306°E / 46.78722; 17.19306
Kart
Hévízsjøen
46°47′14″N 17°11′35″E / 46.787222222222°N 17.193055555556°E / 46.787222222222; 17.193055555556
Wikimedia Commons: Lake Hévíz

Han er den største termale innsjøen i verda med eit areal på 0,45 km². Vatnet vert varma opp av varme kjelder frå eit undervasskrater. Straumen i vatnet er svært sterk og ein meiner at vatnet i innsjøen dagleg vert heilt utskifta.

Vatnet har rykte på seg for å ha lækjande effekt og det finst ein blømande helseturistindustri i området.

Mikroorganismar i sjøen endre

Dyre- og plantelivet er unikt i Hévízsjøen på grunn av den høge temperaturen og den kjemiske samansettinga i vatnet, som er litt radioaktivt og inneheld svovelhaldige stoff og løysingar med oksygen. Fleire artar i innsjøen er endemiske.

Bakteriar er den dominerande livsforma i innsjøen, og det er mogeleg at dette har ein lækjande effekt. Ein finn fleire taksa her. Den mest vanlege cyanobakterien er trådforma, blågrøne algar (Oscillatoria princeps, O. tenuis, O. jasoruensis, O. chlorina, Spirulina). Det er verdt å merke seg at halvparten av dei blå artane er termofile og stenoterme. To termofile, blågrøne algeartar (Pseudanabaena papillaterminata, Pseudanabaena crassa) finn ein berre her i Ungarn.

Bakterielle tektonar er typiske for innsjøen. Vulkankrateret er for det meste dekt av Thiothrix sp. og Beggiatoa sp. frå eit djup på 1,5 m til opninga av kjelda. Desse spelar ei viktig rolle i svovelsyklusen i innsjøen.

Bakterieartar innanfor Aktinomyceta (til dømes Streptomyces sp., Micromonospora sp.) er òg verdt å nemne. Micromonospora heviziensis, ein svært kraftig nedbrytar av protein og cellulose, finn ein berre her i heile verda. Microbispora amethystogenes, som samlar opp jod, kan ein derimot finne i eit fåtal andre innsjøar i verda. Den sistnemnde arten har ein derimot ikkje funne i innsjøen sidan 1980-talet på grunn av omfattande gruvedrift.

 
Hévízsjøen

Grønalgar – særleg Chlorella sp. – finn ein i heile innsjøen, bortsett frå ved og nær kjelda. Navicula cryptocephala og Navicula capitatoradiata er vanlege kisalgar i innsjøen. Det finst få planteplankton og biomassen er låg, så det trofiske nivået i innsjøen varierer frå oligotrofisk til mesotrofisk.

Ein har òg funne to nye artar av rundormar, Crocodolrylaimus thermalis og Neoactinolaimus tepidus, i tillegg til sjeldne artar av hjuldyr (Epiphanes brachionus var. Spinosus, Lecane inermis), som ein berre finn i varmt vatn.

Kjelde endre