For ferja Høgfjord, sjå MF «Høgsfjord».

Høgsfjorden er ein fjord i Rogaland. Fjorden grensar mot Sandnes kommune i sør, Strand kommune i nord, Gjesdal kommune kommune lengst i sør og aust og endar i Dirdal. Fjorden har sidefjordane Frafjorden (endar ved staden Frafjord i Gjesdal) og Lysefjorden som endar i Lysebotn. Medrekna Lysefjorden har Høgsfjorden ei lengd på 58 km. Lengda frå innløpet og inn Frafjorden er 30 km, og utan Frafjorden er lengda 24 km.

Utsyn over Høgsfjorden frå Dirdal.
Foto: Hallvard Nygård
Ferja M/F Høgsfjord legg til på Lauvvik. (Foto: Hallvard Nygård)

Høgsfjorden har innløp aust for Stavanger og er ei fortsetjing av Horgefjorden, som ligg lenger nord. Vest for innløpet ligg Gandsfjorden, medan innløpet til Idsefjorden ligg lenger nord, på andre sida av øya Idse

I botnen av Høgsfjorden ligg Dirdal kor Frafjorden tar til. Oltedal er utskipingshamn for grus produsert i fjellet like ved. Følgjer ein fjorden ut og vestover på nordsida finn ein først Helle som tidlegare var eit naturleg mål for handelsturar på fjorden. Helle soknar til Espedalen, kor det no er uttak av sand. Sanden vert frakta ned til Helle for utskiping med båtar. Etter Helle finn vi Husafjellet som skil Rossavik frå Helle. Vidare på den nordlege fjordsida kjem fjellet Uburen før ein er ute ved kommunesenteret Forsand. Det finst sanduttak også her. Vidare langs nordsida, men på vestsida av utlaupet til Lysefjorden ligg Oanes, det nordlege endepunkt i Høgsfjordsambandet. Vidare vestover ligg Meling, Idsal og legst ut Idse.

På sørsida av fjorden finn ein Oltesvika eit par kilometer ut frå Dirdal, vidare Lauvvik som er sørlege endepunkt i Høgsfjordsambandet. Lengre ut på sørsida av Høgsfjorden ligg Høle innanfor Ådnøy, og lengst ut mot utlaupet av fjorden finn ein Vierneset og Tungholmen med ei fyrlykt.

Hurtigbåter og ferjer er i drift på fjorden i skjeringspunktet mellom Høgsfjorden og Lysefjorden. Høgsfjordsambandet går to gonger i timen mellom Oanes og Lauvvik. Hurtigbåtar går i daglege ruter frå Stavanger til Lysebotn via Forsand og Lauvvik.

Tidlegare var det Høgsfjorden som kopla bygdene saman. Mykje handel og ein del ekteskap vart utveksla fram og tilbake over fjorden.

Høgsfjord er òg namnet på eit tidlegare formannskapsdistrikt av Høle og Forsand. 1. januar 1871 vart Forsand ein eigen formannskapsdistriktskommune og Høgsfjord skifta namn til Høle formannskapsdistrikt. Etter delinga vart skole og anna delt mellom bygdene.

Kjelde endre