Høgskolen i Buskerud

Høgskolen i Buskerud (HiBu) var ein norsk statleg høgskule som vart skipa den 1. august 1994. Han hadde om lag 3000 studentar og 270 tilsette før skulen 1. januar 2014 vart slegen saman med Høgskolen i Vestfold til ein høgskule med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold, seinare samanslegen med Høgskolen i Telemark til Høgskolen i Søraust-Noreg.

Høgskolen i Buskerud

MottoVi gir talentene en fremtid
Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskule
StadKongsberg kommune
Studentar4 264 (2012)
Tilsette297 (2012)
Erstatta avHøgskolen i Buskerud og Vestfold

Høgskulen i Buskerud var ein av 25 statlege høgskular i Noreg, og eit resultat av at tre statlege høgskular i Kongsberg, Hønefoss og Drammen vart samanslegne som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskolen hädde tre studiestadar med basis i dei tre tidlegare høgskolane.

Høgskolen tilbaud over 100 fag- og profesjonsstudium innan optometri, ingeniørutdanning, informasjonsteknologi, design, statsvitskap, helsefag, økonomi og administrasjon, lærarutdanning og jus. Desse vert tilbydd i varierande lengd fra halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og fleire doktorgradstudium. I tillegg vart det undervist ei rekkje kurs og etter- og vidareutdanningar.

Avdelingar endre

Høgskolen hadde desse avdelingane ved dei tre studiestadane:

Avdeling for Teknologi (Kongsberg)

Avdeling for optometri og synsvitenskap (Kongsberg)

Avdeling for helsefag (Drammen)

Avdeling for økonomi og samfunnsvitenskap (Kongsberg, Drammen og Hønefoss)

Avdeling for lærarutdanning (Hønefoss)

  • Årstudier:
  • Bachelorutdanning:
    • Allmennlærerutdanning (Hønefoss) (ikkje 2009 / 2010)
    • Allmennlærerutdanning (Drammen)
  • Masterutdanning:
    • Utdanningsleiing

Sjå òg endre

Kjelder endre