Høgskolen i Harstad

Høgskolen i Harstad (HiH) er ein tidlegare statleg høgskule i Noreg, etablert 1. august 1986 pg reorganisert som ein del av Høgskolereformen i 1994. Frå 1. januar 2016 blei skulen ein del av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.[1]

Høgskolen i Harstad


Motto«Stup i det!»
Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskole
StadHarstad
Studentar1 600
Tilsette120
Nettstadhttp://www.hih.no/index.php?lang=eng
Erstatta avUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Høgskolen i Harstad tilbaud fag- og profesjonsstudium innan pedagogikk, sjukepleie, vernepleie, økonomi- og samfunnsfag, handel og service, reiseliv, statsvitskap og økonomi. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader og mastergrad i samarbeid med Universitetet i Nordland. Dessuten hadde høgskulen ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine to institutt var:

  • Institutt for Økonomi- og samfunnsfag
  • Institutt for Helse- og sosialfag

Han hadde omkring 1600 studentar og 120 tilsette.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre