Ein høgskule (eller høgskole) er ein forskingsinstitusjon og lærestad for høgare utdanning, som normalt ikkje har eigen doktorgradsutdanning. I motsetnad til universiteta må dei ha godkjenning frå Kunnskapsdepartementet for å kunne opprette nye studium på master- og doktorgradsnivå. På bachelornivå har dei same fullmakt som universiteta.

Ein høgskule må ikkje forvekslast med den eksamensfrie folkehøgskulen.

Høgskular i Noreg endre

Namnsetjing endre

Det er kongen som fastset namnet på høgskulane[1], og som offentlege institusjonar skal dei hava namn på både bokmål og nynorsk[2]. Det er normal praksis at namnet er likt på båe språka, og at namnet difor vert «Høgskolen i...» (til dømes Høgskolen i Vestfold) for distriktshøgskulane, og «Noregs (eller Norges) ...høgskole» (til dømes Noregs handelshøgskole) for dei vitskaplege[3].

Denne praksisen har i dag tre unnantak: Høgskulen i Volda heiter «Høgskulen» på nynorsk og «Høgskolen» på bokmål, same gjeld Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tredje unnantaket ligg på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), der det er eit institutt som heiter «Handelshøyskolen ved UMB»[4]. Instituttet har ikkje noko nynorsk namn, og namngjevinga er difor i strid med Mållova.

Sjå også endre

Kjelder endre