Høgsongen

tjueandre bok i Bibelen, omfatter 8 kapitler

Høgsongen, Høgsongen av Salomo, er ei bok i Det gamle testamentet.

«Inn i vinhuset hev han meg ført, Og hans merke yver meg det er kjærleik.
Aa, styrk meg med med druvekakor, Med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.
Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femnar han meg.
Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, Ved gaselleor og hindar i skog. At ikkje de vekkje eller eggje Kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»

Høgs 2,4-7 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921)

Høgsongen er ei samling kjærleiksdikt, av ulikt opphav, truleg brukt ved bryllupsfestar og liknande høve. Dei er truleg folkedikting, men etter tradisjonen var dei skrivne av kong Salomo. Dette er neppe rett, men det kan ha bidratt til at samlinga kom inn i den bibelske kanonen.

Illustrasjon til Høgsongen av Gustave Moreau,

Boka er skriven som ein poetisk dialog mellom ei kvinne og elskaren hennar, somme gonger kalla brura og brurgommen. Brodgommen er i tradsjonen namngjeven som kong Salomo, brura som Sulammit eller jenta frå Sjulam.

Dikta er skrivne i eit høgstemd, erotisk språk.

Brura er i kristen tradisjon sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen. Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Høgsongen