Hürth er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 55 000 innbyggjarar og ein av forstadane til Köln. Han ligg i kreisen Rhein-Erft-Kreis.

Hürth
Gamlebyen i Hürth
Gamlebyen i Hürth
Gamlebyen i Hürth
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hürth
Hürth is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Rhein-Erft-Kreis
Geografi
Flatevidd
 - By

51,173 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

55 593
  1 086/km²
Koordinatar 50°53′0″N 06°53′0″E / 50.88333°N 6.88333°E / 50.88333; 6.88333
Høgd over havet 54-154 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 50354
Telefon-retningsnummer 02233
Bilnummer BM
Heimeside: www.huerth.de

Geografi endre

Hürth ligg om lag 9 km sørvest for Köln på nordaustsida av naturreservatet Kottenforst-Ville.

Byen består av tretten tidlegare sjølvstendige landsbyar, og er inndelt i fleire sentrum over eit relativt stort område mellom innsjøar og små skogområde.

Historie endre

1. april 1930 vart landsbyane Hürth (med Alstädten og Knapsack), Berrenrath, Fischenich, Gleuel (med Sielsdorf og Burbach), Hermülheim og Kendenich (med Kalscheuren) slått saman til kommunen Hürth. Etter at Köln i nokre år hadde prøvd å innlemme Efferen til byen, vart Efferen, i tillegg til Stotzheim, i staden ein del av Hürth i 1933. Dette gjorde Hürth til den største landlege kommunen i Tyskland fram til 1978, då Hürth vart ein forstad til Köln.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hürth