Hadron Elektron Ring Anlage eller HERA er det største akseleratorkomplekset ved DESY i Hamburg i Tyskland. HERA vart operativ i 1932 og er den første og einaste lagringsringen der to typar partiklar kolliderer med kvarandre: proton og elektron eller desse sine antipartiklar. Anlegget består av to akseleratorringar som er 6,3 kilometer lange i omkrins. Den eine ringen akselererer elektron opp til 27,5 GeV, medan den andre akselererer proton opp i 920 GeV i motsett retning. Det er fire stader der strålane kryssar kvarandre og gjev kollisjonar.

HERA-tunnel

HERA blei stengd 30. juni 2007.[1][2]

Kjelder endre

  1. Harris, David (September 2007). «The end of the HERA era». Symmetry Magazine 04 (07). Henta 10. november 2011. 
  2. Warmbein, Barbara (21. august 2007). «End of an era: HERA Switches off». CERN Courier (47). Arkivert frå originalen 30. september 2011. Henta 10. november 2011.