HMS «Rodney» (29)

HMS «Rodney» var eit slagskip av Nelson-klassa hjå den britiske marinen. Skipet var kalla opp etter den britiske admiralen George Brydges Rodney. Bygd under avgrensingane frå Washingtonkonferansen frå 1922, var designet avgrensa til 35000 tonn. Dei 16 tommars (406 mm) kanonane var plassert i tre tårn framme på dekket. Hastigheita var redusert og pansringa vart avgrensa til vitale område. Sjølv med designavgrensingane som vart påtvinga av traktaten, vart «Rodney» og søsterskipet HMS «Nelson» rekna for å vere dei mektigaste slagskipa fram til den nye generasjonen skip kom i 1936.

HMS «Rodney» fotografert i 1942

Bygginga av «Rodney» starta den 28. desember 1922, same dato som søsterskipet «Nelson». «Rodney» vart bygd ved byen Birkenhead av skipsverftet Cammell-Laird. Skipet vart sjøsett i desember 1925 og sett i teneste i november 1927, tre månader etter «Nelson». Bygginga av skipet kosta 7617 millionar britiske pund.

Teneste endre

 
Utsikt frå brua som viser to av dei tre 16 tommars kanontårna.

Frå skipet vart sett i teneste og fram til utbrotet av andre verdskrigen, var «Rodney» plassert i anten den britiske atlanterhavsflåten eller heimeflåten. Seint i desember 1939 var skipet til reparasjon og vedlikehald, på grunn av styringsproblem.

Den 9. april 1940 vart «Rodney» skada av tyske fly, ved Karmøy i Noreg. Ei bombe på 500 kg gjekk igjennom dekket, utan å eksplodere. Den 13. september 1940 vart skipet flytta frå Scapa Flow til Rosyth for å operere i den engelske kanalen, ettersom ein venta den tyske invasjonen av Storbritannia. I november og desember, var skipet på konvoieskorte mellom Storbritannia og Halifax i Nova Scotia.

I januar 1941 var «Rodney» med i jakta på dei to tyske slagkryssarane «Scharnhorst» og «Gneisenau», utan suksess. Den 16. mars, medan skipet eskorterte ein konvoi i Nord-Atlanteren, fekk derimot «Rodney» kontakt med dei tyske slagkryssarane. Dei tyske skipa vende om då dei skjøna at dei var underlegne eldmessig, så det vart ikkje noko sjøslag.

«Bismarck» endre

Den 24. mai 1941, medan skipet var under kommando av admiral Frederick Dalrymple-Hamilton, eskorterte «Rodney» og to jagarar troppeskipet «Britannic» med til Canada. Då vart «Rodney» beordra til å ta del i jakta på det tyske slagskipet «Bismarck». Den 26. mai slutta «Rodney» seg til slagskipet «King George V», medan dei to jagarane hadde lite drivstoff igjen og vart sende heim. Tidleg om morgonen den 27. mai kom dei to slagskipa «Rodney» og «King George V» til kamp mot «Bismarck», saman med dei to kryssarane «Norfolk» og «Dorsetshire». «Bismarck» hadde dagen føre fått roret skada av eit torpedobombefly. Med eit skada ror var det så som så med styringa og moglegheita til å svare britane effektivt attende. Etter at våpna om bord «Bismarck» var uskadeleggjort, gjekk «Rodney» tettare på og nærmast kunne retta kanonane rett fram i ei flat bane. Eit av skota trefte direkte det andre kanontårnet (Bruno) på «Bismarck», så det eksploderte. «Rodney» vart så trekt ut av slaget, medan «Dorsetshire» gjorde ende på det tyske slagskipet.

Force H endre

 
HMS «Rodney» gjev eld mot fiendtlege mål langs Caen-kysten.

Etter slaget mot «Bismarck», vart HMS «Rodney» send til Boston for reparasjonar. Amerikanarane var enno ikkje formelt med i krigen mot Tyskland. I september vart skipet sendt ned til Force H ved Gibraltar for å eskortere konvoiar. To månader seinare returnerte skipet og vart stasjonert ved Island for ein månad. Då gjennomgjekk skipet nye reparasjonar fram til mai 1942. Då returnerte «Rodney» tilbake til Force H, der skipet igjen eskorterte konvoiar utanfor Malta, deltok i Operasjon Torch, invasjonen av Nordvest-afrika og seinare den allierte invasjonen av Sicilia og Salerno. Frå oktober 1943 vart «Rodney» ført tilbake til heimeflåten og tok del i invasjonen av Normandie i juni 1944, der ho øydelagde mål utanfor kysten av Caen og Alderney. I september 1944 tenestegjorde HMS «Rodney» som eskorte for ein Murmanskkonvoi.

Under heile krigen, sigla HMS «Rodney» over 156 000 nautiske miles (289 000 km), utan motoroverhaling sidan 1942. Grunna hyppige maskinproblem og det faktum at «Rodney» ikkje hadde blitt oppgradert til den grad som søsterskipet «Nelson» hadde starta på i 1944, vart HMS «Rodney» sett i reserve i Scapa Flow, medan mannskapet fekk tildelt nye bygg. I februar 1948 vart HMS «Rodney» seld til opphogging. Opphogginga byrja den 26. mars 1948 ved den skotske hamnebyen Inverkeithing.

Referansar endre

  • Siegfried Breyer, Battleships and Battlecruisers (Doubleday and Company; Garden City, New York, 1973) (originally published in German as Schlachtschiffe und Schlachtkreuzer, J.F. Lehmanns Verlag, München, 1970). Contains various line drawings of the ship as built and as modified.
  • Ludovic Kennedy, Pursuit: The Sinking of the Bismarck.
  • Iain Ballantyne, "H.M.S. Rodney" (Warships of the Royal Navy).

Bakgrunnsstoff endre