Hadash er eit venstreparti i Israel. Det definerer seg sjølv som eit jødisk-arabisk parti. Det har tre medlemer i parlamentet Knesset i dag (januar 2009).

Hadash

LandIsrael
Grunnlagt1977
HovudkvarterHaifa
Ideologikommunisme, marxisme-leninisme, grøn sosialisme, feminisme, ikkje-sionisme Sjå dette på Wikidata
Uri Avnery på ein Hadash-protest mot krigen i Libanon i 2006.

Soge og namn endre

Hadash vart skipa i 1973, da kommunistpartiet Rakah (no Maki) slo seg saman med andre venstregrupper. Hadash er eit akronym, og det står for haĦazit haDemokratit leShalom ulShivyon (på hebraisk החזית הדמוקרטית לשלום ולשוויון), som omsett betyr Den demokratiske fronten for fred og likskap, og det er òg det hebraiske ordet for ny. På arabisk er partiet kjent som al-Jabhah al-Dimuqrāṭiyyah lil-Salām wa'al-Musāwah (ar. الجبهه الدمقراطية للسلام والمساواة)

Politikk endre

Partiet støttar evakuering av dei israelske busettingane på den okkuperte Vestbreidda, tilbaketrekking frå alle område tekne i 1967, og etableringa av ein palestinsk stat på desse områda. Dei støttar òg palestinske flyktningar sin rett til å vende tilbake eller få kompensasjon frå Israel. Hadash er òg aktiv i forhold til sosiale spørsmål og miljøspørsmål.

Hadash definerer seg som eit ikkje-sionistisk parti. Det går inn for full anerkjenning av dei palestinske arabarane som ein nasjonal minoritet i Israel.

Etter at krigen mot Gaza starta i årsskiftet 2008-2009 har Hadash fleire gonger demonstrert mot krigen og for israelsk tilbaketrekking frå Gaza, åleine eller saman med Meretz.

Noverande Knesset-medlemer endre

  1. Mohammad Barakeh
  2. Hana Sweid
  3. Dov Khenin

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre