Sjå òg avisa Hadeland

Hadeland er ein region i Akershus og Innlandet fylke. Det ligg aust for den sørlege delen av Randsfjorden. Det omfattar kommunane Jevnaker og Lunner i Akershus fylke og Gran i Innlandet fylke. Hadeland grensar mot Nittedal kommune i sør, Ringerike kommune i vest, Vestre Toten kommune og Søndre Land kommune i nord og Hurdal og Nannestad kommunar i aust.

Folk frå Hadeland blir kalla hadelendingar. Regionen har eit aktivt reiseliv. Ny riksveg 35 frå Grua til Gardermoen vart opna hausten 2004.

Historie endre

Namnet Hadeland kjem frå haðar ('krigar, stridsmann'), og har vore nemninga på folket som har vore busett i området. Eldste dokumentasjon av namnet er i form av runerDynnasteinen som står på garden Dynna i Gran. Runeinnskrifta er tidsett til ca. 1040.

Geografi endre

Elva Vigga renn nordover gjennom Lunner og Gran til Randsfjorden, og desse to kommunane dannar Viggadalen, medan Jevnaker vender seg geografisk mot Ringerike.

Bakgrunnsstoff endre