Hagbard Emanuel Berner

Hagbard Emanuel Berner (12. september 183924. januar 1920) var ein norsk politikar, publisist og riksrevisor. Han vart fødd i Sunndal.

Hagbard Emanuel Berner

Fødd12. september 1839
Sunndal kommune
Død24. januar 1920 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, journalist, jurist
BarnOle Berner
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Utdanning endre

Han var utdanna jurist (cand.jur 1863). I 1865 fekk han Universitetes gullmedalje for ei avhandling om dei framande kjeldene for grunnlova.

Bladfyken endre

I ungdommen var han med i Døleringen rundt Aasmund Olavsson Vinje og han skreiv også i Dølen og i Henrik Krohns Ferdamannen og han var medarbeidar i Vort Land. Frå 1869 til 1879 var han redaktør i det nyskipa Dagbladet, som under hans leiing vart hovudorganet for partiet Venstre og samstundes eit kulturorgan.

Politikaren endre

I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget, og i 1881 var han med og starta dei første folkevæpningssamlaga, tidlegare hadde han vore formann i Kristiania skytterlag 1869–1879. Frå 1880 til 1888 var han stortingsrepresentant frå Akershus amt. I 1883 var han med i tiltalenemda i riksrettsaka mot Selmer-ministeriet. Frå 1892 til 1912 var han borgarmeister i Kristiania (den tredje i rekkja). Han var også med i ei rekkje kommisjonar for utgreiing av økonomiske og finansielle spørsmål, og han arbeidde for ei betring av ordningane for jordbrukskreditt. Arbeidet hans førte mellom anna til nye reglar for hypoteklån på skog i 1897. Berner var også talsmann for ei ny valording med forhaldstalsval og folkerøystingar.

Kvinnesak og målsak endre

I 1884 vart han den fyrste leiaren i Norsk Kvindesagsforening som han og Gina Krog hadde skipa same året. Han gjorde også ein stor innsats for målsaka, i 1868 var han med og stifta Det Norske Samlaget der han også vart den fyrste formannen, frå 1868 til 1877.

Berner er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.[1]

Referansar endre

  1. «Borgermester Hagbard Berner». Gravferdsetaten i Oslo. Henta 11. april 2016. 

Bakgrunnsstoff endre