Hahnenkamm er eit fjell over Kitzbühel i Kitzbühelalpane i Austerrike, med ei høgd på 1 712 m.

Hahnenkamm
fjell
Hahnenkamm ovanfor Kitzbühel
Land  Austerrike
Fjellkjede Kitzbühelalpane
Høgd 1 712 moh.
Koordinatar 47°25′N 12°22′E / 47.417°N 12.367°E / 47.417; 12.367
Kart
Hahnenkamm
47°25′27″N 12°21′55″E / 47.424166666667°N 12.365277777778°E / 47.424166666667; 12.365277777778
Wikimedia Commons: Hahnenkamm (Kitzbühel)

Skisenteret i Kitzbühel held til i dette fjellet, og kvart år går det eit renn her kalla Hahnenkammrennen. Den mest vidgjetne løypa i fjellsida av Hahnenkamm er Streif, som vert rekna som den mest krevjande løypa i verdscupen i alpine greiner.

Hahnenkamm-rennet endre

Hahnenkammrennen har vorte halde årleg sidan 1931, og har vore ein del av Verdscupen i alpint for menn sidan 1967.

Tradisjonelt vart vinnaren av Hahnenkamm-rennet avgjort etter ein kombinasjon av utfor og slalåm, men i dag er det personen som vinn konkurransen i utfor som kan kalle seg Hahnenkammsieger. To nordmenn har vunne utforrenn her, Atle Skårdal i 1990 og Lasse Kjus i 1999 og 2004.

Kjelder endre