Haitisk politikk føregår under den haitiske grunnlova av 28. april 1987, som seier at Haiti er ein republikk der makta er fordelt mellom ei folkevald nasjonalforsamling, ein folkevald president, ein statsminister og ei regjering, og domstolane. Likevel har tida både før og etter grunnlova vore meir prega av autoritære styre og undertrykkande diktatorar, som François Duvalier og sonen hans, Jean-Claude Duvalier. Frankrike og USA har også fleire gonger intervenert militært i haitisk politikk, nokre gonger på førespurnad frå eit av partia i landet.

René Préval er den noverande presidenten i Haiti.

Lovgjevande og utøvande makt endre

Den lovgjevande makta ligg i både regjeringa og dei to kammera i Den haitiske nasjonalforsamlinga, deputertkammeret, som har 99 medlemmer (utvida frå 83 før valet i 2006), og senatet, som har 30 (tidlegare 27). Medlemmene i deputertkammeret vert valde for ein periode på fire år, medan senatsmedlemmene vert valde for ein periode på seks, der ein tredjedel av medlemmene vert valde annakvart år – begge stader gjennom allmenne val. Stemmerettsalderen i Haiti er 18 år.

Den utøvande makta ligg hjå statsoverhovudet i landet, presidenten, som vert vald for fem år i allmenne val og ikkje kan veljast to periodar på rad. Presidenten oppnemner statsministeren, som skal veljast frå det partiet som har fleirtal i nasjonalforsamlinga. Statsministeren set så saman regjeringa i samråd med presidenten.

Den noverande presidenten er René Préval, og statsminister er Jean-Max Bellerive.

 
Soldatar frå fredsstyrken MINUSTAH leitar etter overlevande etter jordskjelvet i Haiti 2010

Dømmande makt endre

Rettsvesenet i Haiti var opphavleg basert på fransk rett, men store delar av dette forsvann under Duvalier-regimet. Domstolane kan ikkje seiast å ha vore uavhengige av dei politiske styresmaktene, slik dei skal vere etter maktfordelingsprinsippet.

I hovudstaden Port-au-Prince og tre av dei andre departementshovudstadene finn ein appellrettar og sivile domstolar. I tillegg skal kvar kommune ha ein magistratrett.

Forsvar endre

Då Haiti igjen fekk eit sivilt regime i 1994, etter å ha vore styrt militært, vart dei væpna styrkane og politistyrken avvikla. Sidan 1995 er det bygd opp ein nasjonal politistyrke på om lag 6 000 personar. Frå 2004 har det dessutan vore stasjonert ein SN-styrt fleirnasjonal stabiliseringsstyrke (MINUSTAH) på om lag 7 000 soldatar (pluss om lag 2 100 polititroppar og om lag 1600 sivile observatørar) i landet.

Forhold til andre land endre

Haiti er medlem av SN og underorganisasjonane til SN, forutan mellom anna Verdsbanken, Organisasjonen av amerikanske statar og Cotonou-avtalen. Landet har dessutan vore fullverdig medlem i CARICOM sidan 3. juli 2002.

Haiti er representert i Noreg ved ambassaden sin i Berlin, medan Noreg er representert i Haiti ved ambassaden sin i Caracas i Venezuela og eit generalkonsulat i Port-au-Prince.

Kjelder endre