Hakastein kyrkje

tidl. kyrkje i Skien

Hakastein kyrkje var ei mellomalderkyrkje under Gimsøy kloster ved Skien i Telemark. Kyrkja er første gong omtala i eit manuskript frå 1354.[1]

Hakastein kulturpark ved Faret i Skien der det er funne spor etter tre mellomalderkyrkjer og gravplassar. I midten ser ein markert med låge stolpar to kyrkjebygg omkransa av ei grøft markert med skiferstein

I byrjinga av 2000-talet vart det ved Faret i Skien avdekka stolpehol og andre funn som kan ha samband med kyrkja. Dateringar syner at den første kyrkja på staden vart bygd mellom 1010 og 1040, noko som gjer området til ein av dei eldste daterte kyrkjestadene i Noreg.[2][3] Stein som er funne aust for koret til dei første kyrkjebygga, kan tyde på at det òg har vore ei tredje kyrkje her.

Rundt stolpekyrkjene vart det registrert ein kristen gravplass, der to av gravene er daterte til første halvdelen av 900-talet.[2] I mai 2015 opna Hakastein kulturpark på utgravingsområdet.

Kjelder endre

  1. Oldest church find wows Norway, bbc.co.uk. Vitja 7. juni 2015
  2. 2,0 2,1 Hakastein kulturminnepark, telemark.no. Vitja 7. juni 2015, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 8. september 2020 
  3. «Fant eldgammel kirke». Aftenposten. 4. februar 2005. Henta 9. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff endre