Harold Vincent «Hal» Connolly, (1. august 193118. august 2010) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Somerville i Massachusetts, som tevla i sleggjekast. Han vart olympisk meister i øvinga under 1956-olympiaden i Melbourne. Connolly vart USA-amerikansk meister tolv gongar, og sette seks verdsrekordar.

Hal Connolly

Hal Connolly under OL i Roma 1960
Statsborgarskap USA
Fødd 1. august 1931
Somerville
Død

18. august 2010 (79 år)
Catonsville

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 183 centimeter
Ektefelle Olga Fikotová, Pat Daniels
Hal Connolly på Commons

Aktiv endre

Hal Connolly kom til Sommar-OL 1956 som ein av favorittane til sleggegullet. Tre veker føre OL-tevlinga hadde han i Los Angeles forbetra den ferske verdsrekorden, sett av Mikhail Krivonosov, med over ein meter til 68,54 m. Gullkampen mellom dei to vart tett, Connolly sigra med ein margin på 16 cm, utan dei heilt lange kasta.

Sommaren 1958 forlenga Connolly sin eigen verdsrekord med 14 cm, før han 12. august 1960 forbetra denne rekorden og vart den fyrste som kasta slegga over 70 meter. Den nye rekorden var på 70,33 m og Connolly var i det absolutte favorittsjiktet framom sommarleikane i Roma. I mellomtida kasta både Gyula Zsivótzky og Vassilij Rudenkov over Connolly sin gamle verdsrekord. Connolly var neppe i si beste form i Roma, og vart nummer seks. I staden var det dei to førnemnde karane som stod på dei øvste trinna etter sleggetevlinga, med Rudenkov som olympiameister etter eit bestekast på 67,10 m.

Connolly heldt fram med å kaste slegga lengst. Sommaren 1962 auka han sin eigen verdsrekord til 70,67 meter, ein rekord han forbetra til 71,06 m i slutten av mai 1965. Tre veker seinare la han på til 71,26 m, og sette sin sjette og siste versrekord. Denne verdsrekorden overlevde ikkje 1965-sesongen, då Gyula Zsivótzky fekk opp eit kjempekast og forbetra verdsrekorden med nesten 2,5 meter til 73,74 m.

Connolly deltok fire sommar-OL og prøvde i 1972 å kvalifisere seg til sitt femte, men kom på femteplass i OL-uttaket.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Connolly vart under sommarleikane i Melbourne 1956 kjend med den tsjekkiske diskoskastaren Olga Fikotová. Kjærleiken mellom dei to vart ei stor mediesak, og giftarmålet mellom dei to påkalla stor interesse hos media og ålmenta. Dei to var gift i tida 1957-74.

Connolly døydde i Baltimore County i Maryland i 2010.

Kjelder endre