Halden kommune

kommune i Østfold fylke i Norge

Halden kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar til Aremark kommune i aust, Rakkestad kommune i nord, Sarpsborg kommune i vest og Sverige i sørvest, sør og søraust. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1967, da dei tidlegare kommunane Halden, Idd og Berg blei slått saman og ein gard året etter blei overført frå Skjeberg.

Halden kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Halden
Areal 642 km²
 - land 596 km²
 - vatn 46 km²
Folketal 31 935  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Fredrik Holm (H)
Kommunenr. 3101
Kart
Halden kommune
59°07′35″N 11°28′58″E / 59.126389°N 11.482778°E / 59.126389; 11.482778
Wikimedia Commons: Halden
Nettstad: www.halden.kommune.no
Halden og Fredriksten sett frå nordsida

Administrasjonssenteret i kommunen er byen Halden, som ligg langs Tista frå Iddefjorden til Femsjøen, med bysenteret omkring munningen av Tista.

Størstedelen av innbyggarane i Halden bur i den samanhengande bymessige busetnaden omkring bysenteret. Andre tettstader er Isebakke og Sponvika ved munningen av Iddefjorden.

Fredriksten festning sett frå Halden sentrum.
Halden stasjon

Næringsliv endre

Industri er den viktigaste næringa i Halden kommune, der om lag ein fjerdedel av arbeidstakerne er sysselsette. Industrien har hovudvekt på treforedling, mellom anna Saugbrugsforeningen (Norske Skog). Skotøy- og porteføljeindustrien har vore den andre store industribransjen i Halden, men dei fleste av bedriftene har vore nøydde til å innskrenke eller legge ned produksjonen etter 1950-åra. Den eldste industribedrifta i Halden by var Haldens Bomuldsspinderi & Væveri frå 1813 og blei lagt ned i 1971.

Det har vore stor industrietablering til erstatning for tilbakegangen i dei meir tradisjonelle næringane som skotøy- og tekstilindustrien. Størst har satsinga vore innan treforedlingsindustrien, elektroteknisk industri, Institutt for energiteknikk (IT-elektronikk) og kjemisk industri, med mellom anna Pharmacia & Upjohn (legemiddelindustri). Industri og annan næringsverksemd ligg elles for det meste på Sørlifeltet vest for bysenteret og i Tistedalen. Det er fleire kraftverk i Haldenvassdraget innan kommunen med i alt 33,6 MW i maksimal yting (2004). I Månefjellet nordaust for bysenteret ligg Haldenreaktoren. Halden er ei viktig hamn for treforedlingsindustrien, med hovudvekt på import av trevirke og eksport av papir.[1]

Halden har dagsavisa Halden Arbeiderblad.

Samferdsel endre

Halden har jernbanesamband gjennom Østfoldbanen med Oslo og utlandet over Kornsjø. E 6 (Oslo–Göteborg) går over Svinesund, litt vest for bysenteret. Fylkesveg 21 tar av frå E 6 og går gjennom bysenteret og vidare langs Haldenvassdraget nordover. Utanom E 6 er det tre vegar som går over til Sverige: Fylkesveg 22 til Holtet med samband sørover til Hällevadsholm på E 6, fylkesveg 101 over Kornsjø i søraust, fylkesveg 106 over Allingmo i aust og fylkesveg 102 over Tyslingmoen i sørvest. Fylkesveg 22 går gjennom bysenteret og nordover til Rakkestad og Lillestrøm.[1]

Kommunevåpenet endre

Kommunevåpenet blei bestemt i 1665 og er ein oval, med ein gull soldat ståande på brunt berg mot ein blå bakgrunn. Motivet siktar til Fredriksten festning.

Namnet endre

Namnet Halden kjem frå det norrøne hallr el. hǫll som tyder bakke eller skråning. Byen er omgitt av ein landskap som heller innover mot sentrum. D-en har komme til frå dansk påvirknad. Frå 1665 til 1928 het byen offisielt Frederikshald eller Fredrikshald. Han er kjend som festningsby med Fredriksten festning der den svenske kongen, Karl XII, fall i strid 11.desember 1718. Halden er den einaste norske byen som er nemnd i den norske nasjonalsongen.[2]

Sjå også endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Halden». Store Norske Leksikon. Henta 22. oktober 2013. 
  2. «Halden». Wikipedia (på norsk bokmål). 27. april 2021. 

Bakgrunnsstoff endre