Halfdan Egedius (5. mai 18772. februar 1899) var ein norsk kunstmålar og illustratør.

Halfdan Egedius

Fødenamn Halfdan Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1877
Drammen kommune
Død

2. februar 1899 (21 år)
Christiania

Yrke kunstmålar, teiknar, gravør, illustratør, grafikar
Sjanger portrett
Signatur
Halfdan Egedius på Commons

Liv endre

Egedius vart fødd i Drammen som Halfdan Johnsen. Då han var fem år gammal flytta familien til garden Bruset ved Hvalstad i Asker. Alt som liten gut viste han kunstnartalent og han byrja å gå på målarskulen til Knut Bergslien i Kristiania (Oslo) som niåring i 1886. Kanskje meir enn sjølve undervisinga vart det gode miljøet og venskapa han knytte med andre kunstnarar der viktige for utviklinga hans som biletkunstnar. I 1887 flytte familien frå Asker til Oslo og Halfdan Egedius byrja på Den kongelige Kunst og Haandverksskole, men han treivst ikkje så godt der og slutta etter tre måndar og vende attende til kameratane hjå Bergslien. Seinare gjekk han ein vinter (1894) på målarskulen til Harriet Backer, og våren 1896 studerte han tre måndar hjå Kristian Zahrtmann i København.

Telemark endre

Ein av kunstnarane han trefte hjå Bergslien var Karl Reynolds frå Porsgrunn. Han viste fram bilete han hadde måla frå heimfylket og Egedius vart gripen og vart med han då han reiste heim og så vidare innover i Telemark i 1892, då Egedius var 15 år gamal. Det var i dei hamna, og der budde dei på garden Østerli. I Bø møtte Egedius den då 27 år gamle bøheringen Torleiv Stadskleiv. Stadskleiv var utdanna kunstnar, han hadde gått på Tegneskolen i Kristiania og vore elev hjå Eilif Peterssen, Christian Krohg og Kristian Zahrtmann, men ikkje minst hadde han lært mykje av Erik Werenskiold då han var på Gvarv. Dei to vart nære vener og Stadskleiv fekk svært mykje å seie for den kunstnarlege utviklinga til Egedius. Etter det var Egedius i Telemark kvar sommar, med unntak av 1894 og 1897 då han var i Vågå. Mange av dei kjende målarstykka hans har motiv frå Telemark, til dømes Lørdagskveld (Nattløperne) frå 1893, Dans på låven og Mari Clasen frå 1895 og Sommer, Opptrekkende uvær, Tordenskyer og det uferdige Spill og dans frå 1896.

Illustratøren endre

 
Sverdrups skuffelse. «– den glante en stund på den deilige spekebiten.»

Fram over Polhavet endre

På hausten 1896 vart han hanka inn av Fridtjof Nansen til å teikne illustrasjonar til Fram over Polhavet. Han laga 25 teikningar til verket, dei fleste etter skisser eller fotografi frå Nansen, berre nokre få fritt etter eige hovud. Det var mykje arbeid med dette og det var berre lite moro, men lærerikt, og ei stor ære for han å verte spurd.

Noregs kongesoger endre

 
«Seidmennene på Skratteskjær.»

I 1897 vart han med på illustreringa av den nye gjennomillustrerte utgåva Snorre sine Noregs kongesoger. Då verket kom ut i 1899 var det 37 Egedius-teikningar med (i nyare utgåver er det teken med ein til, «Her skal du få kjenne ein bjarkøying, Karle.»), somme av dei er av det aller beste av illustrasjonane som vart laga til verket, og står seg som sjølvstendige verk. Det meste av siste leveåret hans vart brukt til dette arbeidet.

 
Gravstøtta til Halfdan Egedius på Vestre Aker gravlund.

Slutten endre

På sommaren 1898 vart han sjuk. Etterkvart hamna han på Lovisenberg sykehus i Kristiania. Det vart det klart at det var bakteriesjukdomen aktinomykose (strålesopp) han leid av og han vart operert to gonger, men livet stod ikkje til å redde. Han døydde 2. februar 1899, berre 21 år gammal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Halfdan Egedius