Hallingdal er eit dalføre i Buskerud fylke, som strekkjer seg frå nordenden av innsjøen Krøderen til dei nordlege og nordaustlege delane av Buskerud som grensar til Vestland fylke. Dalføret er omgjeve av høge fjell på begge sider og består av dei seks kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Ål og Hol rekna nedanfrå, og Hemsedal i ein sidedal nordvest for Gol. Distriktet har til saman 20 522 innbyggjarar (2013) og dekkjer eit område på 5 830 kvadratkilometer.

«Utsikt over Hallingdal» av J. C. Dahl.
Hallingdal har fleire høge fjell, mellom anna Skogshorn på 1728 moh.

Ordsoge endre

Namnet på dalføret kjem av norrønt Haddingjadalr. Fyrste ledd kan vera av folkenamnet haddingjar hallingar, eller mannsnamnet Haddingi, i begge tilfelle antakeleg ei avleiing av norrønt haddr, «kvinnehår», som her kan tolkast som «den langhåra».[1]

Historie endre

Dei første menneska som busette seg i dalen, var nok veidarar som var knytt til Hardangervidda, der dei jakta villrein. I jernalderen var dalen eit senter for utvinning av myrmalm, og dette la grunnlaget for velstand og busetting. Segnene nemner ein kong Hadding som skulle ha gjeve dalen namn (ei gissing freista å tidfeste denne hovdingen til om lag 750). Dei eldste gardane i dalen kan tidfestast til noko før vikingtida. Dei største og eldste gardane har for det meste namn etter klåre landskapsdrag, slik som Rygg, Dal, Sand, Hol, Nes, Foss. Dei første utskiftingane gav namn som Sindrol eller Nerol (syndre og nødre Hol). Som tida gjekk tok folk og til å rydja gardar lengre opp i fjellet, og tok i bruk områda som før hadde vore nytta til stølsdrift. Skurdalen, Ustedalen og Rukkedalen er soleis rydda i nyare tid (Skurdalen ikkje før etter 1700).

Segnene fortel at det har vore fleire kongar som har slost om makta i dalen i tidleg historisk tid (Slaget på Ustedalsfekjo).

Tradsjonelt har dei nordvestlege områda i dalen vore nært knytt til Vestlandet, spesielt i tida før Bergensbanen vart lagt gjennom dalen. Dei sentrale og sørlege delane har derimot vore nærare knytt til Austlandet, spesielt Ringerike, noko som vart forsterka då Bergensbanen opna.

Juridisk sorterte Hallingdal opphavleg under Gulatinget og høyrte til Stavanger bispedømme, men etter makeskifte mellom bispane i Stavanger og Oslo, datert 10. april 1631, vart dåverande Hallingdal og Valdres prosti lagt inn under Oslo bispedømme og slik Oslo lagdømme juridisk. Då Hamar bispedømme gjenoppstod i 1864 vart derimot Hallingdal og Valdres delt, i det Valdres vart lagt til Hamar og Hallingdal framleis som eit geistleg distrikt under Oslo, der Ringerike og Hallingdal prosti vart oppretta. Desse vart derimot skilt i to prosti frå 1914, da Hallingdal prosti vart oppretta som eige prosti. Prostiet kom inn under Tunsberg bispedømme då dette vart oppretta i 1948, etter eit Odelstingvedtak den 24. november 1947.

Prostesetet ligg i Ål prestegjeld, der Ål kyrkje er hovudkyrkje og sokneprest i Nesbyen og Flå, Eivind Fagermoen, for tida er fungerande prost.

Samferdsel endre

Gjennom Hallingdal går Bergensbanen og riksveg 7 (Oslo–Gol–Bergen over Hardangervidda). Frå Gol går riksveg 52 gjennom Hemsedal vidare over til Lærdal, og fylkesveg 51 over fjellet til Leira i Valdres. Frå Hol går fylkesveg 50 gjennom Holsdalføret over til Aurland der den møter E 16. Frå Geilo fører fylkesveg 40 over til Numedal. Det er eit tett vegnett i fjellet, delvis på grunn av seterdrift, men i fyrste rekkje som resultat av kraftutbygginga.

Næringsliv endre

Kommunane samarbeider i Hallingdal regionråd, og utgjer Hallingdal næringsregion (NHO). Området er rettsområdet for Hallingdal tingrett under Borgarting lagmannsrett, og verkeområde for Hallingdal prosti under Tunsberg bispedømme. Distriktet utgjorde tidlegare Hallingdalens fogderi.

Dalen har vore prega av smågardar, seterdrift og eit karrig jordsmonn, der ull, mjølkeprodukt og kjøttproduksjon har vore hovudnæringar gjennom hundreåra. Fiske har vore tradisjonell matauk i dei mange fjellvatna. Hallingane har òg vore aktive handelsfolk, og det har vore mykje fedrift gjennom dalen, mellom Lærdal og Drammen. Dette ferdsla var i si tid ei viktig ekstra inntekt for bøndene i øvre Hallingdal.

Sidan 1960-talet har dalen hatt ein monaleg auke i turisme og bygging av hytter. Dalen har òg fleire store og små hotell, både nede i dalen og oppe på fjellet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre