Hallingskarvet er ein fjellrygg som ligg i Hol kommune i Buskerud og Ulvik herad i Vestland. Fjellryggen er om lag 35 km lang og strekkjer seg mellom Geilo og Finse. Det høgste punktet på ryggen er Folarskardnuten på 1933 moh, som òg er det høgste punktet i Buskerud. Det er vid utsikt frå alle kantane av fjellryggen.

Hallingskarvet
fjell
Land  Noreg
Område Buskerud, Vestland
Høgd Folarskardnuten: 1 933 moh.
Koordinatar 60°37′N 7°45′E / 60.617°N 7.750°E / 60.617; 7.750
Kart
Hallingskarvet
60°37′N 7°45′E / 60.62°N 7.75°E / 60.62; 7.75
Wikimedia Commons: Hallingskarvet

Sørsida av Hallingskarvet har ei jamn, svakt boga linje, medan nordsida er djupt skoren inn av botnar. To skar går tvers gjennom fjellryggen: Kyrkjedøri i vest og Folarskard lenger aust. Gjennom skara går gamle ferdselsvegar, som nå er varda turistvegar, frå stasjonane Finse og Haugastøl på Bergensbanen. Passpunkta i skara er høvesvis kring 1600 og 1500 moh.

Det er meir vind og tåke i Hallingskarvet enn i Hallingdalsfjella og Hemsedalsfjella. Området er eit eige vêrvarslingsdistrikt. Skarverennet vert arrangert årleg på sørvestsida av Hallingskarvet mellom Finse og Ustaoset.

I 2006 vart Hallingskarvet ein del av Hallingskarvet nasjonalpark.

Prestholtskarvet, den austlege delen av Hallingskarvet, sett frå sør

Kjelder endre

«Hallingskarvet» av Geir Thorsnæs og Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.