Denne artikkelen handlar om kroppsdelen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hals (fleirtyding).

Halsen er den kroppsdelen som bind saman kroppen og hovudet hjå dei fleste virveldyr. «Hals» blir òg brukt i overført tyding om noko langt og smalt, til dømes båthals, flaskehals, lårhals.

Skjelett av ein svanehals.
Arteriane i menneskehalsen.

Anatomi endre

I halsen sit strupen og skjoldbruskkjertelen, medan luftrøyret, matrøyret, ryggraden, blodårer, nerver og musklar går gjennom han.

Kultur endre

Halsen blir ofte brukt til å henga smykke rundt, eller han kan dekkast til med ein krage.

Det burmesiske padaungfolket er kjende for å «forlenga» halsen hjå kvinner ved å dekka han med tunge massingringar]]. Det er ikkje eigentleg halsen som blir lengre, men ribbeina som blir klemde ned.

Lang hals endre

Nokre dyr er kjende for å ha lange halsar, til dømes sjiraffar og vadefugl.

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.