Halvor Bjørnebye

Halvor Bjørnebye (22. september 190523. mai 1981) var ein norsk flygar og luftfartspioner. Saman med blant andre Arild og Viggo Widerøe var han med på å grunnleggja Widerøes Flyveselskap i 1934.

Halvor Bjørnebye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1905
Solør
Død

23. mai 1981 (75 år)
Skedsmo kommune

Yrke flygar

Bjørnebye vart elev ved Marinens flyskole i 1926, og fekk flygarvengen året etter. Han vart utskriven i september 1929.[1] I 1933 starta han selskapet Widerøe & Bjørnebye saman med Viggo Widerøe for å driva foto- og reklameflyging. Året etter starta dei saman med tre andre Widerøes Flyveselskap.[2] Ikkje lenge etter byrja han i DNL. Like før krigsutbrotet i 1940 forlét han DNL og byrja i nederlandske KLM.[3] Han deltok i kampane i Noreg som kjentmann for britane.[4]

I 1946 vart han tilsett som sjefsflygar i Braathens SAFE, før han året etter vart inspektør i same selskap.[5]

Verk endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Norsk fly-bok, s. 95
  2. Grønne vinger over Norge, s. 5
  3. Bjørnebye, s. 148
  4. Flyalarm, s. 85
  5. Mot alle odds, s. 33