Halvor Næs (5. april 192813. oktober 2022) var ein norsk skihoppar frå Trysil. Han kom på delt fjerdeplass i hopprennet under Vinter-OL 1952 i Oslo, i lag med Toni Brutscher. I 1953 vann han i Bischofshofen det siste rennet i den aller fyrste tysk-austerrikske hoppveka. I kvar av dei andre renna vart han nummer fire, høvesvis Innsbruck, Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen. Samanlagd i hoppveka vart han nummer 2. Med 877,5 poeng var han 1,1 poeng bak vinnaren Sepp Bradl. Næs vart noregsmeister i 1957 og vann bronsemedaljen i NM både i 1960 og 1961. Næs var medlem i idrettslaget Trysilgutten.

Halvor Næs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1928
Trysil kommune
Død

13. oktober 2022 (94 år)
Trysil kommune

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1952

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Næs vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1964.

Bakgrunnsstoff endre