Hamilton på New Zealand

by på New Zealand

Hamilton (Kirikiriroamaori) er sentrum i det fjerde største byområdet på New Zealand, og den sjuande største byen i landet. Han er administrasjonssete i regionen WaikatoNordøya, og ligg om lag 130 km sør for Auckland. Byen ligg ved eit større jarnvegs- og vegknutepunkt sentralt i Waikatodalføret, på båe breiddene til Waikatoelva.

Hamilton
Kirikiriroa
Horisonten til Hamilton
Horisonten til Hamilton
Styresmakter
Land
Øy
Region
Distrikt
New Zealand
Nordøya
Waikato
Hamilton City
Geografi
Flatevidd 98 km²
Innbyggjarar
 - By (30. juni 2020)

176 500[1]
Høgd over havet 40 m
Tidssone UTC+12:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.hamilton.govt.nz/Pages/default.aspx
Nettstad: www.hamilton.co.nz

Historie endre

 
Victorie Bridge mellom Hamilton East og Hamilton West.

Hamilton ligg i nærleiken av den sørlegaste seglbare staden i Waikatoelva, midt i det mest grøderike jordbruksområdet på New Zealand. Der byen no ligg, låg opphavleg ein handfull maorilandsbyar, mellom anna Kirikiriroa ('Den lange grus-stripa'), som har gjeve byen maorinamnet. Då dei britiske nybyggjarane kom til staden, var dei fleste av desse landsbyane ved Waikato River fråflytta. Misjonærar kom til området i 1830-åra.[2] Mot slutten av felttoget i Waikato i New Zealand-krigane, vart fire regiment frå Waikato-militsen utstasjonerte som fredsstyrkar rundt i distriktet.[2] Første regiment låg ved Tauranga, andre regiment ved Pirongia, tredje regiment var stasjonert ved Cambridge og fjerde regiment ved Hamilton.[2] Busetnaden vart grunnlagd den 24. august 1864 og gjeven namn etter kaptein John Charles Fane Hamilton,[3] den populære skotske kommandøren på HMS «Esk», som fall i slaget ved Gate Pa ved Tauranga.

Hovudvegen frå Auckland nådde Hamilton i 1867, og jarnvegen i desember 1877, same året som Hamilton East og Hamilton West blei slått saman til éin by med kjøpstadrettar. Brua mellom bydelane, Union Bridge, blei erstatta av Victoria Bridge i 1910. Hamilton fekk Hamilton fekk bystatus i 1945.[2] Byen sine arkiv og historiske fotografi er tekne vare på og finst i biblioteket Hamilton City Libraries.

Geografi og vêrlag endre

Vêrlag endre

Hamilton har eit temperert, fuktig vêrlag med i gjennomsnitt 1184 mm nedbør årleg. Tjukk skodde er vanleg om morgonane og føremiddagane om vinteren. Om vinteren (frå mai til september) ligg nedbørsmengda over 100 mm om månaden, og det er 11 til 15 nedbørsdagar i månaden. Om sommaren — framfor alt mellom desember og april — ligg nedbørsmenga kring 80 mm og talet på regnvêrsdagar under ti. Dei daglege maksimumstemperaturane varierer frå omkring 22° til 26 °C i januar og februar, til 10° til 15 °C i juli og august. Om sommaren kan temperaturane av og til gå over 30°, medan dei på klåre vintermorgonar kan nå så lågt som til -5°. Snø er likevel i praksis ukjent.[4]

Topografi endre

Med unntak av dei låge åsane kring University of Waikato, Hamilton Lake og vest for byen, og eit utbreidd nettverk av erosjonskløfter, er landskapet i byen relativt flatt.

Innbyggjarar endre

Hamilton er ein snøgt veksande by med over 130 000 innbyggjarar, og med om lag 1,5 millionar menneske — 40 % av den totale folkemengda på New Zealand — innanfor ein radius på 250 km.

Offisielle tal frå folketeljinga i 2006[5] viser at 65,3 % av populasjonen i Hamilton er pākehā (av europeisk avstamming), 19,9 % maoriar, 10,6 % asiatar, 4,7 % frå stillehavsland og 1,5 % frå Midt-Austen, Latin-Amerika og Afrika. I tillegg har 10,6 % av hamiltonianarane valt å høyra til den etniske gruppa New Zealander.

Styresett og politikk endre

Lokalstyre endre

Hamilton ligg i administrasjonsområdet til Hamilton City Council, og er det sjuande største distiktet i landet, rekna etter folketal. Byrådet består av tretten rådsmedlemer og ein ordførar (Mayor). Det er val på byråd kvart tredje år, det siste valet var i 2007.

Hamilton City er sjølv ein del av regionen Waikato, og administrert av regionrådet (Environment Waikato).

Sentralstyre endre

Hamilton vel tre representantar til Parlamentet på New Zealand.

Utdanning endre

 
Hovudgata Victoria Street sett sørover.

Hamilton er sete for universitet og høgskule, og utdanning og forsking er viktig for byen. Dei leiande sentera for desse aktivitetane er University of Waikato (Te Whare Wānanga o Waikato), Waikato Institute of Technology (Te Kuratini o Waikato) og Te Wananga o Aotearoa (er særskilt tilpassa maoriar og gjev undervising på maori). Talet på universitets- og høgskulestundentar i byen ligg på over 25 000, av desse om lag halvparten ved University of Waikato[6] Forsking ved Ruakurasenteret (Ruakura Agriculture Research Centre) har vore grunnlaget for mykje av nyvinningane i newzealandsk landbruk. Byen hyser både statlege og private grunnskular, vidaregåande skular og høgskular, og har også fleire grunnskular som tilbyr undervising på maori (Kura Kaupapa Māori).

Økonomi endre

Opphavleg var Hamilton eit senter som ytte tenester for jordbruksområda som ligg kring byen, men byen har etter kvart utvikla ein variert og veksande økonomi. Produksjon og detaljhandel er viktig for den lokale økonomien, likeeins tilbodet av helsetenester gjennom Waikato Base Hospital. Den største flyprodusenten i landet, Pacific Aerospace, som produserer småfly og flydelar, ligg også i Hamilton.

I dei seinare åra er New Zealand vorte ein av basane for den britiske flytreningsorganisasjonen CTC Aviation. CTC øver opp meir enn 100 flyselskapspilotar i året ved sitt «Crew Training Centre» på flyplassen Hamilton Airport.

Tilskipingar endre

Hamilton er vertsby for den årlege landbruksutstillinga, Fieldays, den største på den sørlege halvkula. Mystery Creek er den største utstillingsstaden i landet, og har andre tilskipingar som er kjende over heile landet, som til dømes bil- og båtutstillingane The National Car Show ogThe National Boat Show.

Somme av dei største tilskipingane endre

Sport endre

 
Waikato Stadium, Lions mot NZ Māori i 2005.

Dei lokale rugbylaga er Waikato (som deltek i den nasjonale profesjonelle rugbyserien, Air New Zealand Cup) og Chiefs (deltek i den internasjonale serien Super 14). Begge laga spelar på Waikato Stadium som har plass til 26 350 tilskodarar. Hamilton har også ein fotballklubb, Waikato FC, som spelar i New Zealand Football Championship (den øvste divisjonen i newzealandsk fotball) og som også har heimebane på Waikato Stadium.

Seddon Park er den største cricketbanen i Hamilton. Han er heimebanen til Northern Districts Cricket Association.

Hamilton har ganske raskt vorte ein stad for motorsport også. WRC vart skipa til i Hamilton i 2006, og V8 Supercars hadde tevling på ein mellombels bane i Hamilton i april 2008.

Sjukehus endre

Hovudsjukehuset i Hamilton er Waikato Hospital med 600 senger og nesten 2 500 tilsette. Det er elles to større private sjukehus i Hamilton City - Braemar Hospital og Southern Cross Hospital.

Attraksjonar endre

Hamilton Gardens er den mest populære turistattraksjonen i området og skipar til Hamilton Gardens Summer Festival kvart år.

Andre lokale attraksjonar er dyreparken Hamilton Zoo, Waikato Museum, kunstgalleri og kasino. I samlingane til Waikato Museum er Te Winika, ein av dei best bevarte waka (māorisk krigskano) frå tida før koloniseringa. Berre 20 minuttars køyretur unna ligg Ngaruawahia, der ein finn Turangawaewae Marae og heimen til māorikongen Tuheitia Paki.

Hamilton har seks offentlege bibliotek innanfor bygrensene, Central Library (Sentralbiblioteket) har dei største historiske samlingane. Teatera i Hamilton City har profesjonelle framsyningar på tre stadar: Founders Theater, Clarence St Theater og The Meteor theater.

Transport endre

Lufttransport endre

Hamilton International Airport gjer teneste både som ei innanlandsk og ei internasjonal lufthamn. Herfrå går direktefly til Wellington og Christchurch og regelmessige flygingar til andre mål på Nordøya. Internasjonale flygingar er for det meste avgrensa til mål på den andre sida av Tasmanhavet og i Polynesia. Lufthamna er også base for lågprisselskapet Freedom Air.

Sykling endre

Hamilton har eit vidstrekt nettverk av sykkelstiar som bind saman sentrum av byen med forstadane omkring. Desse stiane er ei blanding av vegar berre for syklistar, og gang- og sykkelstiar.[8]

Vegar endre

Privatbilar er det mest vanlege framkomstmiddelet i denne flate, og vidstrekte byen.

Offentleg transport med buss har vorte meir vanleg dei seinare åra, trass i at god framkomst og tilgang til parkeringsplassar for bilistar og relativt sett moderat rushtrafikk, har halde vidare utvikling av denne transporten noko attende. Ei ny bussteneste kalla «The Orbiter» sørgjer for ei rundrute gjennom dei største sentera i utkanten av byen.

Den viktigaste hovudvegen på New Zealand, State Highway 1 går gjennom den vestlege delen av byen, og kryssar State Highway 3 innanfor bygrensa.

Bruer endre

Den største geografiske barriæren i byen, er elva Waikato River. Dei seks bruene som kryssar elva[9] skapar ofte forseinkingar i trafikken om morgonen og ettermiddagen.

Dei seks bruene er:

Jarnveg endre

Hamilton er knutepunkt mellom jarnvegslinjene East Coast Main Trunk og North Island Main Trunk Railway. Det ligg ein stor jarnvegsstasjon i byen, og selskapet The Overlander trafikkerer strekninga mellom Auckland og Wellington.

Hamilton har også ein undergrunnsstasjon midt i byen. Han høyrer til East Coast Main Trunk, men er for tida ikkje i bruk.

Kjende personar frå Hamilton endre

Venskapsbyar endre

Hamilton har tre venskapsbyar:

Bakgrunnsstoff endre

Hamilton City Council
Hamilton Gardens
Webkamera i byen
Waikato Museum
Hamilton City Bibliotek

37°47′S 175°17′E / 37.783°S 175.283°E / -37.783; 175.283

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. p. 129.
  3. About Hamilton, Hamilton City Council
  4. National Institute of Water & Atmospheric Research
  5. Statistics New Zealand, arkivert frå originalen 17. mars 2008, henta 3. juni 2008 
  6. University of Waikato, statistikk år 2006
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. desember 2007, henta 3. juni 2008 
  8. «Cycling in Hamilton» (PDF). Cycle Action Waikato. Henta 1. juni 2008. 
  9. «Hamilton City Council & Hamilton, New Zealand-Living Hamilton». Henta 2. juni 2008.