Hammar

slagverktøy
Denne artikkelen handlar om reiskapen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hammar (fleirtyding).

Ein hammar eller hamar er eit verktøy som vert brukt til å slå med, og på den måten påføre ei kraft på eit mål. Formålet med ein hammar er oftast å feste, flytte eller deformere målet. Det finst mange typar hamrar, med heilt ulike formål, storleikar og funksjonar. Dei fleste av desse variantane har ulike namn, og dei vert brukte i mange ulike yrkesgrupper og fagretningar.

Ein klohammar

Ein hammar består av to delar. Eit hovud (som oftast er laga av eit hardt metall), og eit skaft (eller handtak). Skaftet er oftast laga av metall, glasfiber eller tre. Hovudet til ein hammar er ofte todelt. Kvar av desse to delane kan enten ha ulik form (det vanlegaste), eller dei kan vere like.

Hammaren er òg bruka som symbol i politikken, som kommunistisk symbol i lag med sigden i hammar og sigd, åleine som symbol for norsk sosialistisk arbeidarrørsle frå 1934 og fram til ei tid etter andre verdskrigen. Då vart hammaren bruka på flagg, som jakkemerke, på AUF-skjorter, brevark, plakatar og allslags materiell som vart produsert. Men i nyare tid er hammaren berre bruka på dei raude hammarflagga i 1. mai-toga, elles ikkje av verken LO, Arbeidarpartiet, SV eller RV/Raudt, eller nokon av ungdomssorganisasjonane deira.

Bakgrunnsstoff endre