Hammar i Närke

i Närke

58°48′41.468″N 14°57′42.602″E / 58.81151889°N 14.96183389°E / 58.81151889; 14.96183389

Askersund

Hammar er ein svensk tettstad i Askersunds kommun i Örebro län i landskapet Närke. I år 2005 hadde tettstaden 289 innbyggjarar og var den minste tettstaden i kommunen. Hammar ligg på begge sider av skjergard i nordre Vättern, cirka 10 kilometer søraust for Askersund og var eigen kommune til 1971.

Staden er det ein i Sverige kalla bruksort, ein tettstad bygd opp om ei bedrift. I Hammar låg Hammars glasbruk, grunnlagt i 1854 og nedlagt i 1992. Her produserte ein flasker for brus, øl og sprit. Dei som jobba der, pendlar no til Askersund eller Motala. Hammars Bryggeri ligg midt i tettstaden. Hammars kyrka er frå 1827 og hadde opphavleg plass til 1350 personar. Delar av inventaret i kyrkja er frå mellomalderkyrkja som noverande kyrkje erstatta.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre